Hopp til innhold

Heftig vind fører til landingstrøbbel på Værnes

Sterk vind skaper problem på Trondheim lufthavn Værnes torsdag kveld. Fleire fly har gitt opp å lande der.

Sirkler over Værnes

Fleire fly sirklar over Værnes, nokre har gitt opp og går vidare til Møre og Romsdal.

Foto: Skjermdump: flightradar24.com

– Det er til dels kraftig vind som kjem i kast, seier driftsoperatør hos Avinor på Værnes, Kåre Jonny Friheim.

Det er særleg retningen på vinden som er ekkel; vinden kjem frå sør.

Eit fly frå Ålesund vart nødt til å snu og dra tilbake, mens eit SAS-fly frå Bodø har gått vidare til Kristiansund.

Vinden er sterk både i høgda og akkurat idet flya skal lande.

– Vi hadde nettopp eit fly som nesten kom seg ned, men måtte gi opp og gå opp igjen, seier Friheim på driftssentralen.

– Innimellom vindkasta er det muleg å lande. Vi har også fått landa tre fly no nyleg, seier han.

Dei kraftige vindkasta frå sør vil fortsette utover torsdag kveld, ifølge vervarslinga.