Hopp til innhold

Nytt lys over lokal krigshistorie

Bilete frå Hirdens hovudkvarter i Skien fortel mykje om lokal krigshistorie.

Krigsbilete frå Skien

Nakne norske høgreiste menn inspisert av tyske SS-offiserar.

Foto: Telemark museum

Telemark Museum får stadig inn historiske bilete. Og nyleg dukka det opp nokre som har lege stua bort i ein kjellar og ein garasje. Dei er tatt under krigen og viser Hirdens hovudkvarter i Skien.

Der står unge norsk nakne menn og blir inspisert av tyske offiserar, kanskje skal dei til austfronten, eller dei blir sjekka for å sjå om dei har dei rette ariske genane. Bileta kastar nytt lys over lokal krigshistorie.

(Artikkelen held fram under bileta)

Fortel om stor aktivitet

Jorunn Sem Fure er direktør for Telemark Museum. Saman med fotoarkivar Cecilie Auten kjem dei med ein eske merka 8. hirdregiment. Den inneheld bunkar med negativ med høg kvalitet. Jorunn Sem fure veit mykje om norsk krigshistorie, men desse bileta kan fortelje henne meir.

– Dei fortel om stor aktivitet. Og dei fortel at NS, Hirden og dei nye makthavarane som regjerte landet la vekt på å dokumentere verksemda si. Dei leigde inn fotografane i byen, særleg ved store stemne, øvingar og når det var mange samla, seier Sem Fure.

Jorunn Sem Fure, Telemark Museum

Jorunn Sem Fure, direktør ved Telemark Museum.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Mange av bileta er tatt for å brukast som propaganda for NS og Nazismen. Eitt av bileta er tatt i Hirdens hovudkvarter i Skien, nå kjent som Festiviteten og tidlegare Teater Ibsen. På biletet ser vi mange folk og veggen er dominert av solkorset, hakekorset og SS-runen.

– Det som kanskje er mest interessant på dette biletet er at vi har SS-runen her. Og det fortel oss at tyske SS, som Heinrich Himmler var sjef for, var særleg interesserte i Noreg og rekruttering. Dei ønskte å overta og utnytte NS sin rekrutteringsevne til å få norske politifolk, norske friviljuge og norske frontsoldatar inn i det tyske germanske systemet, seier Fure.

Fann gamle bilete frå krigen

Bileta blei levert inn til Telemark Museum av fotograf Tronn Haugen. Faren hans kjøpte ei fotoforretning i Skien på femtitalet. Med på kjøpet følgde også eit arkiv, som i mange år låg i ein kjellar.

– Ja. Det var nokre gamle bilete frå Jensen atelier som ikkje var registrert på vanleg måte, men som låg pent til side i nokre eigne askar og som eg måtte sjå litt nærare på, seier Haugen.

– Kva fant du?

– Då fann eg bilete frå krigen, frå Festiviteten, av tyske uniformer og litt forskjellig.

Tronn Haugen, fotograf i Skien

Fotograf Tronn Haugen i Skien.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Jensens atelier låg i Skien sentrum, skrått over gata til Festiviteten dåverande Hovudkvarter for Hirden. Jensen var berre ein av mange fotografar som tok bilete for NS og tyskarane fortel fotoarkivar Ceceilie Auten.

– Det er fleire fotografer og samlingar som er kome inn til museet, som viser at aktiviteten har auka i krigsåra. Det har blitt stor produksjon av bilete, opp til ein femdobling har vi sett i eit anna fotoarkiv, seier Auten.

Norske menn skal få fronterfaring

På eitt av bileta blir nakne norske høgreiste menn inspisert av ein liten mørk tysk SS-offiser. Det fortel mykje, seier direktør Sem Fure.

– Målet med å rekruttere norske menn var å gje dei fronterfaring. Det var ikkje som kanonføde, for det hadde dei meir enn nok av, og det norske talet på frontkjemparar var lite i så måte. Men dei ønskte å herde dei, vise dei kva for verdskamp dei stod i, og bli medvetne den germanske rasen sin overlevingskamp. Og dei skulle kome heim igjen og overta styringa av Noreg.

– Når har desse negativane blitt oppbevart i kjellarar og garasjar. Kva blir gjort for å ta vare på dei?

– Vi har system for å ta vare på dei i våre arkiv som er klimaregulert, til vi eller andre får kapasitet til å arbeide vidare med dei, seier Sem Fure.