Hopp til innhold

Flynonstop vil starte innanriksruter

Reiseselskapet Flynonstop vil satse tungt i åra framover og vil på sikt starte opp med innanriksruter. I tillegg vurderer selskapet å kjøpe inn eit nytt fly til.

Daniel Lundberg

Daniel Lundberg orienterte kommunalutvalet i Kristiansand om flysatsinga tysdag.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Det er mange interessante ruter i Norge. Når vi kan komme i gang er for tidleg å seie, seier dagleg leiar Daniel Lundberg.

Daniel Lundberg, Flynonstop

Dagleg leiar i Flynonstop, Daniel Lundberg.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Selskapet presenterte langtidsplanane sine for kommunalutvalet i Kristiansand tysdag.

Ligg i planane

– Vi har eit fly som er tilpassa i ein kategori som ikkje fins i Norge. Å ha eit jetfly som er heilt nytt har ei moglegheit, for det fins veldig mange interessante ruter som ikkje er trafikkert på innland i dag, seier han til NRK.

– Når kan dette vere aktuelt?

– Det er vanskeleg å seie eit tidspunkt, men det ligg inne i planane våre, seier han.

– Førsteprioritet er å bygge regionen kring Kristiansand, som er ein av dei store regionale flyplassane i Norge, seier han.

– Fokuset har frå starten av vore å bygge den som ein sterk majoritet, der vi fokuserer på ferie og bygge den grunnen stabil. Når vi har den grunnen stabil, går vi vidare og ser på neste steg, legg han til.

Lundberg vil ikkje røpe kva ruter han ser på som «mest interessante» i Norge.

– Det får du sjå i framtida, ler han.

70 prosent ledige seter

Eit nytt fly vil doble kapasiteten til reiseselskapet.

Så langt i mai har 3963 passasjerar reist med selskapet. Det utgjer ein kabinfaktor på 30 prosent, altså har 70 prosent av setene stått tome til no.

– Det er veldig positivt til å vere den første månaden, sjølv om vi hadde trudd at det skulle bli litt høgare, sa Lundberg i kommunalutvalet.

Trass i at 70 seter står tome i snitt, meiner Lundberg at selskapet vil få ein god sommar.

– Vi ser at trenden er sterk og at ein vil til Middelhavet og ha ein lenger ferie på minst ei veke, fortel han.

Politikarane er positive til den nye selskapet og håpar dei lukkast, trass i at dei allereie har måtte kutte enkelte ruter.

– Vi er kjempenøgde med at de tek denne satsinga, og no er det opp til folk å bruke dykk, sa varaordførar Jørgen Kristiansen, som leia møtet i kommunalutvalet.

Best på punktlegheit

Lundberg viste mellom anna til at selskapet er heilt i toppen når det gjeld punktlighet.

– Vi ligg på 98,1 prosent og er best ifølgje Avinor sin statistikk, seier Lundberg.

Flynonstop har som mål å frakte 50 000 passasjerar i året. Målet for 2013 er 33 000 reisande.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %