Hopp til innhold

ØIF Arendal sa nei til Meisterligaen

Handballklubben ØIF Arendal har takka nei til å delta i Meisterligaen. Årsaka er at klubben meiner den økonomiske risikoen er for stor.

ØIF Arendal seriegull

ØIF Arendal vann både serie og cup førre sesong. No har dei takka nei til å delta i Meisterligaen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ei totalvurdering gjorde at vi valde å bli i EHF-cupen som kanskje er like utfordrande sportsleg. I tillegg har vi ein betre sjans der, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til NRK.

Per Carsten Michelsen, ØIF Arendal

Per Carsten Michelsen er sportsleg leiar i ØIF Arendal.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK

Den regjerande serie- og cupmeisteren fekk tilbod, saman med fleire andre klubbar, om å delta fordi cupen skal utvidast med fleire lag.

Elverum direkte kvalifisert

Trass i at sørlendingane vann både serie og cup er det Elverum som er direkte kvalifisert til Meisterligaen sidan dei vann sluttspelet.

ØIF Arendal måtte mellom anna ha betalt eit depositum på over 200 000 kroner for å delta i den gjevaste europacupen. I tillegg måtte dei ha gjort fleire oppgraderingar i Sør Amfi.

– Vi måtte ha oppgradert pressefasilitetane og vi måtte ha skaffa LED-banner som viser reklame, seier han.

– Vi er mellom to sesongar og det er ikkje allverda med pengar på konto. Vi hadde sikkert fått dette til, men det hadde skapt mykje unødvendig stress for oss sjølve, seier han.

Skal likevel ut i Europa

ØIF skal vere med i EHF-cupen kommande sesong.

– Det gjer at vi får eit år å førebu oss på og få inn ein del nye spelarar som signerer for meir enn eitt år. Det trur eg vil gjere oss endå betre rusta om vi kvalifiserer oss til Meisterligaen neste år, seier Michelsen.

Meisterligaen i handball er langt ifrå like lukrativ som Meisterligaen i fotball.

– Det ville ha vore eit fantastisk eventyr for klubben, men vi må vere sikre på at økonomien går i balanse, sa dagleg leiar Rune Jakobsen til NRK i mai.

Nett-TV:

ØIF Arendal sa nei til å delta i Champions League. Her forteller sportslig leder Per Christian Mikkelsen hvorfor

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %