Tysdag var representantar frå fleire organisasjonar på Høg-Jæren for å sjå på vindmølleparken der. Dei syns inngrepa i naturen blir for store.
– Det er nå planar om like store konstruksjonar som dette høgt oppe på fjella i Vindafjord, dei vil nærmast vera synlege frå heile Haugalandet, seier Knutsen i Turistforeningen.
For dei som driv med friluftsliv er det ikkje attraktivt å måtta sjå på vindmøller meinte fleire frå miljørøyrsla som var på Høg-Jæren måndag.
Foto: Tor Helge Haugland / NRKFryktar for fuglelivet
For han er det av estetiske grunnar at dei kjempar mot fleire planlagde vindmølleparkar på land. Men dei er eit forum med fleire miljøorganisasjonar der andre til dømes tenker på fuglelivet:
- Les òg sjå video: 25 havørner drepne
– Me har mange sjeldne rovfuglar som trekk her på Jæren, desse må me ta vare på ved at vindmølleutbygginga ikkje blir for heftig, seier Øyvind Gjerde i Norsk Ornitologisk forening.
For Knutsen er dt viktigaste nå å stoppa vindkraftplanane på Døldarheia og Bukkanibba på Haugalandet.
– Bygg vindmøllene til havs
– Men er de ikkje for grøn energi?
– Me er ikkje i mot vindkraft i seg sjølv, me støttar det til dømes ved eksisterande industrianlegg som Kårstø og Gismarvik, men ute i urørt natur er det me ropar varsko om.
– Korleis meiner de at det bør satsast om ikkje på vind?
– Me meiner at pengane som nå går inn i vindkraft heller burde gått til effektivisering av eksisterande vasskraftverk i Norge. På den måten trur me det hadde kome meir igjen for pengane. Dessutan har me heller ingenting i mot vindmøller til havs, seier han.