Hopp til innhold

Vil ha klar tale frå muslimar i Norge

Etter terrorhandlingane i Paris i går vil biskop i Stavanger, Erling Pettersen, ha klar tale frå muslimar i byen om at dei forpliktar seg til ytringsfridommen.

Erling Pettersen under sin preken

Erling Pettersen er biskop i Stavanger, og han er aktiv i Kirkelig Dialogsenter Stavanger.

Foto: Alf Ove Hansen / Scanpix

Sundag skal biskop i Stavanger Erling Pettersen halda opningstalen før ein fredskonsert i Stavanger domkyrkje, der folk frå tolv ulike religionar skal delta. Då Pettersen i går sat og skreiv på talen, fekk han nyheitene om det brutale angrepet på det satiriske vekebladet Charlie Hebdo.

– Av og til blir planlagde arrangement meir aktuelle enn ein hadde håpa på, og nå må eg skriva om talen, seier Pettersen til NRK.

Biskop i Stavanger Erling Pettersen driv med interreligiøst dialogarbeid. Etter terrorhandlingane i Paris i går vil han ha klar tale frå muslimar i byen om at dei forpliktar seg til ytringsfridommen.

VIDEO: Erling Pettersen snakkar om terroren i Paris.

– «Dødskult» på full marsj inn i storbyar

Biskopen meiner at dialog er den rette måten å løysa konfliktar på, men at ein i større grad må våga å snakka om konfliktane. Det er dette den nye opningstalen hans skal handla om.

– Me må snakka sant om den store konflikten me har mellom religionane i Europa. Det er eit stort europeisk oppgjer om muslimsk identitet som går føre seg nå. Fleire muslimar delar synet om at ein må satsa på dialog, koma dei unge i møte og sata på informasjon og utdanning. Så har ein ein «dødskult» på den andre sida. ISIL-gruppene og dei andre ekstreme gruppene står for ein endetidsideologi som vil etablera eit gudsrike her på jorda, seier biskopen.

Denne «dødskulten» seier han er på full marsj inn i storbyane. Han meiner at dette er ei skummel utvikling som ein må snakka spesielt mykje med ungdom om.

Vil ha klar tale

Pettersen engasjerer seg i jamlege dialogmøte mellom ulike trusamfunn i Stavanger, her er også det muslimske miljøet representert. Han har ei klar oppfordring til muslimane i etterkant av terrorhandlingane i Paris.

– Eg ønsker klar tale frå muslimar i Norge og i Stavanger om at dei forpliktar seg til det som er våre felles norske verdiar, der ytringsfridommen er heilt uvurderleg.

– Tida er inne for å bruka energi i dialogarbeidet på dei vanskelege tinga som handlar om ytringsfridom, som handlar om kamp mot terrorisme og som handlar om å snakka sant om den rørsla som finst der ute i Europa, slår han til slutt fast.