Kantspelaren kjem frå naborivalen Sandnes Ulf og har signert ein treårskontrakt med dei mørkeblå.
Islendingen har spelt for Sandnes-klubben sidan mars 2011. Han kom til klubben frå Örgryte.
Han har også spelt seks kampar for det islandske landslaget.
Takka nei til Tyskland
Islendingen har vore årets spelar i Sandnes Ulf i alle dei tre sesongane han har vore der.
Thorsteinsson hadde også tilbod frå Tyskland, men valde å bli i Norge på grunn av familiære årsaker.
– Eg trur det er best for familien min å bu her, og eg trur Viking er ein veldig bra klubb for meg.
Han legg heller ikkje skul på ambisjonane sine.
– Eg har veldig høge ambisjonar og håpar eg kan hjelpa Viking til å vinna medaljar. Eg håpar neste sesong blir bra, seier han.
Jobbar med midtstoppar
28-åringen er det tredje nye tilskotet i Viking-stallen denne veka. Tysdag blei Iven Austbø og Joackim Jørgensen klare for dei mørkeblå.
Viking arbeider nå med å sikra seg ein midtstoppar som erstattar for Johan Lædre Bjørdal som har gått til danske AGF Aarhus.
– Me skal ha ein ny midtstoppar og har fleire namn på blokka, seier Viking-direktør Arne Larsen Økland.
Steinthor Thorsteinsson får draktnummer 23 i Viking.
Foto: Anders Fehn