Hopp til innhold

Kraftig regn førte til straumstans i Stavanger

Meir enn 1000 husstandar i Stavanger var utan straum julemorgonen. Det hadde kome vatn inn i ein transformator.

Madla transformatorstasjon

Natt til julaftan har det kome vatn inn i Madla transformatorstasjon.

Foto: Erik Waage / NRK

Området rundt Lassa og Tjensvoll var utan straum tysdag morgon.

– Det er ei linje ut frå Madla transformatorstasjon som har falt ut. Me er i gang med å reparera feilen og eg håper straumen skal vera tilbake ganske raskt, seier Ingvild Ween i Lyse.

15 minutt seinare kunne ho informera om at straumen var tilbake.

– Det kraftige regnvêret i natt var årsaka. Vatnet har kome inn i ein transformator. Denne blei bytta ut med ein som stod der i reserve, og nå er straumen tilbake, seier Ween.

Ween kan ikkje sei nøyaktig kor mange som var råka av straumstansen, men stadfestar at det var meir enn 1000 husstandar.