Hopp til innhold

Jakob Aano er død

Tidlegare stortingsrepresentant og nestleiar i KrF, Jakob Aano, døydde natt til onsdag. Han vil bli hugsa som ein klok og raus mann, seier Olaug Bollestad i KrF.

Jacob Aano

Jakob Aano sat på Stortinget som representant frå Rogaland i 20 år, frå 1965 til 1985. I dei to siste åra på Stortinget var han leiar i Utanrikskomiteen.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Det er familien som opplyser til Stavanger Aftenblad at Jakob Aano har gått bort.

Jakob Aano blei fødd og vaks opp i Sauda i Rogaland. Han blei 95 år gamal.

Jakob Aano sat på Stortinget som representant frå Rogaland i 20 år, frå 1965 til 1985. I dei to siste åra på Stortinget var han leiar i Utanrikskomiteen. Han var også nestleiar i Kristeleg Folkeparti i denne toårsperioden.

Kjempa for dei som hadde minst

– Han var ein svært klok, varm og raus mann. Han fekk folk til å føla seg verdifulle, så det var ein mann det var lett å bli glad i, seier dagens nestleiar i partiet, Olaug Bollestad.

Ho trekk også fram at Aano var ein mann som alltid tala saka til dei som hadde minst. Og ein mann som stod ved sine verdiar.

Olaug Bollestad

Nestleiar i KrF, Olaug Bollestad, meiner Jakob Aano sette spor etter seg i partiet.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Han våga å stå på barrikadane, ikkje berre i retorikken, men også i gjerning og ord, seier Bollestad.

Løfta utanrikspolitikken

Ho meiner også at han har sett spor etter seg i partiet.

– Han var med på å løfta utanrikspolitikken og bistandspolitikken til KrF, seier Bollestad.

Før Aano blei vald inn på Stortinget hadde han jobba fleire år som misjonær i Tanzania. Bollestad trur det var med på å forma han som politikar.

– Å vera i Afrika i så mange år som det Jakob var, det vil alltid setja spor i eit menneske. Han var veldig oppteken av at me skulle prioritera å fordela godene, visa tydeleg at me brydde oss om folk. Ikkje berre i ord, men også i handling, seier ho.