Hopp til innhold

Byggeprosjekt kan bli forseinka

Manglande omsyn til havnivået gjer at byggeprosjekt kan bli forseinka i Rogaland.

Skansenkvartalet

Skansenkvartalet i Stavanger, der det er planar om hotell med 151 rom, er eit av byggeprosjekta som kan bli forseinka på grunn av manglande omsyn til havnivået.

Foto: Alliance arkitekter (fotomontasje)

Prognosane er klare: Havet kjem til å stiga i åra som kjem på grunn av klimaendringane. I Stavanger opp mot ein dryg meter i år 2100 (ved stormflo opp mot 2,5 meter).

Det viser dei siste tala frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Bjerknessenteret.

Fleire innvendingar

Men ikkje alle tar godt nok omsyn til dei varsla klimaendringane. Den siste tida har Fylkesmannen i Rogaland kome med fleire innvendingar til byggeprosjekt, der ein ikkje i tilstrekkeleg grad har tatt omsyn til havnivåstigningane.

Lone Merethe Solheim

Lone Merethe Solheim, avdelingsdirektør Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Magnus Stokka

Dette gjeld mellom anna Skansenkvartalet, der det er planar om nytt hotell, og i området ved Badedammen i Stavanger.

– Dette er ein problematikk som har kome meir opp i den seinare tid, seier avdelingsdirektør hos Fylkesmannen, Lone Merethe Solheim.

Ho seier klimaendringane nå fører til større og større utfordringar.

– Samfunnet er nok klar over dette, men me kan nok bli meir bevisste, seier ho.

Konsekvensane av manglande omsyn til havnivået kan bli at heile prosjekta blir forseinka ved at deler av planarbeidet må bli gjort på nytt.

– Vår tids største utfordring

Iselin Nybø

Iselin Nybø (V).

Foto: Magnus Stokka / NRK

Iselin Nybø er bystyrepoltikar i Stavanger og førstekandidat for Venstre i Rogaland til stortingsvalet.

Ho meiner me ikkje er flinke nok til å ta omsyn til endringane i havnivået i dag.

– Klimaendringane er vår tids største utfordring. Og når det gjeld det å tilpassa seg desse utfordringane, har me mykje å gå på, seier ho.

– Kven er det som ikkje gjer jobben sin når Fylkesmannen må gi innvendingar?

Kritikken må rettast til både administrasjonen og oss politikarar i kommunen. Eksempla viser at me ikkje har vore gode nok, seier Venstre-toppen i Rogaland.

Prognosane for havstigninga på Vestlandet er dramatiske. Men i eit 100-årsperspektiv er det mogleg å bremsa utviklinga, meiner Nybø.

– Det går an å gjera mykje, og det er ennå ikkje for seint å redusera klimautsleppa, seier ho.