Hopp til innhold

Test av berbare GPS-ar

Lei av kart og kompass? Marknaden er full av GPS-ar for turbruk av sprikande kvalitet. Og du bør ikkje gå for dei dyraste produkta.

Test av GPS

Testtapar Garmin nüvi 550 (nederst til venstre), testvinnar Garmin eTrex Vista HCx (høyre) og en handmodell fra Suunto (øverst til venstre).

Foto: Philippe Poulet / copyright Philippe Poulet - MAXP

Ti berbare GPS-ar på den norske marknaden har fått køyrt seg skikkeleg i ein test Forbrukerrapporten har gjort i samarbeid med dei europeiske forbrukarorganisasjonane.

Går du på fjelltur med ein GPS i lomma, skal du kunne stole på at den gir deg sikre svar om posisjonen din uansett kva vêrforhold . Den må tåle både fall mot hardt underlag og å bli gjennomvåt.

Sjå i nett-tv: SLIK NYTTAR DU GPS PÅ TUR!

Åtte berbare GPS-ar og to sportsur med innebygd GPS har blitt testa på mellom anna robust bruk, batterilevetid, kvaliteten på det innebygde kartet, brukarvennlegheit og skjermkvalitet.

Ingen av produkta får toppscore, og dei dyraste GPS-ane kjem dårlegast ut av testen.

Gode kart kostar ekstra

Garmin nüvi 500

Styr unna denne. Garmin nüvi 500.

Foto: Forbrukerrapporten

Felles for alle GPS-ane, er at dei innebygde karta er fine og oppdaterte på europeiske storbyar, men ikkje detaljerte og gode nok i norsk villmark.

Så det er anbefalt å investere i gode, norske kart som tilleggsprogramvare. Diverre kan dette fort koste like mykje som sjølve GPS-en.

Installasjonen av tilleggskart er plundrete på fleire av modellane, av di bruksanvisninga anten er mangelfull, eller berre henviser til produsenten si nettside.

Store skilnadar

Prisane på GPS-navigatorane i testen varierer mellom 2800 og 5500 kroner.

Garmin etrex

Testvinnaren, Garmin eTrex Vista HCx.

Foto: Forbrukerrapporten

Det er store variasjonar i batterilevetid mellom dei ulike GPS-ane, så ein bør alltid ha med kart og kompass som backup. Dei fleste modellane nyttar vanlege AA-batteri.

I tillegg eignar desse berbare GPS-ane seg dårleg i bilen, grunna litt treige kartoppdateringar. GPS-en som er tilpassa bilen, tåler på si side lite vatn og krev mykje straum. Så her får ein ikkje i både pose og sekk.

GPS-ane blir stadig mindre, men dei aller minste har framleis klare svakheiter. Sportsura i testen har berre koordinatar i staden for kart, og eignar seg dårleg til turbruk.

Lavprisprodukt best i test

Til glede for dei med slunkne lommebøker, kjem den nest billigaste GPS-en klart best ut av testen, til ein pris på knappe 2900 kroner

Garmin eTrex Vista HCx har best batterikapasitet (10-25 timar), er enkel å bruke sjølv med vottar på, og eignar seg både på fottur og sykkeltur.

eTrex Vista HCx er ikkje den raskaste til å oppdatere kartet ved høg hastigheit, men scorar best både på GPS og kompass totalt, og på fysiske eigenskapar.

Pris dårleg rettesnor

På andreplass kjem Garmin GPSmap 60CSx til 4100 kroner.

Ei soleklar jumboplassering får Garmin nüvi 550 som kostar rundt 3700 kroner.

Og nest sist hamnar Magellan Triton 2000, som kostar nesten det doble av testvinnaren.

  • Sjå heile testen her !

Test av berbare GPS-ar

Modell

Type

Ca. pris

Totalpoeng

Garmin eTrex Vista HCx

Handhalden GPS

2875

71 / 100

Garmin GPSmap 60CSx

Handhalden GPS

4100

69 / 100

Garmin Edge 705

Sykkelcomputer med GPS

4600

62 / 100

Magellan Crossover GPS

Multifunksjonell GPS

3900

60 / 100

Magellan Triton 500

Handhalden GPS

2800

57 / 100

Garmin Colorado 300

Handhalden GPS

4630

57 / 100

Magellan Triton 2000

Handhalden GPS

5500

52 / 100

Garmin nüvi 550

Multifunksjonell GPS

3700

38 / 100

 

 

 

 

Suunto x10 5000

Sportsklokke med GPS

4900

52 / 100

Garmin Forerunner 405

Sportsklokke med GPS

2900

51 / 100

Ekspander/minimer faktaboks

Test av berbare GPS-ar

TV og radio

Tuva oppdager at smågodtposen koster tolv kroner mer på én vekt enn på en annen – og nekter å la det passere. Så hun tar med seg Justervesenet for å finne ut hva som egentlig foregår. Der møter hun Gudbrand, en HELT som viser hvordan vektene kontrolleres. Han avslører en hemmelig knapp som kan endre prisen!
Kikertvannet er en vegansk eggehvite som kan brukes i desserter

Sjekk hva du kan lage istedenfor

Datingappene selger deg drømmen om kjærlighet. Men de tjener penger på at forblir singel og ensom.