Fylkeslegen er bekymra at for nedskjæringane i det psykise helsevernet i kommunene og ved Sjukehuset Telemark.
Fylkeslege Steinar Aase gav uttrykk for desse bekymringane då tilstandsrapporten til Fylkesmannen blei presentert på ein pressekonferanse fredag.
Statistikken viser at telemarkingar har meir psykiske problem enn landsgjennomsnittet, og toppar også statistikken for bruk av beroligande middel og sovemedisiner.
Kan gå glipp av hjelp
Fylkeslegen fryktar konsekvensen av nedskjæringane er at folk ikkje får den hjelpa dei har behov for.
– Statistikken viser at Telemark har meir psykiske problem enn det som er landsgjennomsnittet, seier Aase.
Fylkeslegen meiner det kjem til uttrykk i talet på innleggingar på sjukehus som gjeld psykisk helse.
På bakgrunn av det fylkeslegen veit om den psykiske helsa i Telemark så er han bekymra for at Sjukehuset Telemark kuttar i psykiatrien, samtidig som ein del kommunar kuttar i det psykiske helsevernet.
– Det kan føre til at ein del menneske som treng hjelp for psykiske lidingar ikkje får det, eller at dei ikkje får god nok hjelp i tide, seier Aase.
Bekymra for nedskjæringar
Fylkeslegen har kontakt med helsevesenet i fylket, og seier at dei prøvar å omorganisere og satse meir på dagtilbod, i staden for at pasientane blir lagt inn på sjukehus.
Aase håpar at helsevesenet er i stand til å få mest mogleg ut av dei løyvingane dei rår over.
– Men det er klart at vi som tilsynsmakt er bekymra over dei nedskjæringane vi ser for dei psykisk sjuke, seier Aase.