Hopp til innhold

Bamble mot bypakka

Formannskapet i Bamble går imot Bypakke Grenland med knapt fleirtal.

Bamble formannskap

Formannskapet i Bamble drøftar Bypakke Grenland.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

Med seks mot fem stemmer bestemte politikarane seg for å stå utanfor bypakka.

Årsaka er blant anna at fleire politikarar i kommunen er imot bompengefinansiering, og at første fase av pakka gir lite til Bamble kommune.

Skaper utfordringar

Terje Riis Johansen

Fylkesordførar Terje Riis Johansen.

Foto: Johs Apold / NRK

Fylkesordførar Terje Riis Johansen seier at dette skaper utfordringar.

Det er ein ny situasjon, seier Riis Johansen.

Han seier at det betyr at politikarane må sjå nærare på formuleringane rundt bypakka.

Vi må sjå på om det er mogleg å gå vidare med tre kommunar, og ikkje fire, seier Riis Johansen.

Han meiner det er mogleg, og at det blir det som politikarane skal arbeide vidare med.

Vegen vidare

Formannskapa og fylkeskommunen er nå i felles møte for å finne ut kva dei skal gjere vidare.

Det var på førehand knytta stor spenning til diskusjonane i Bamble, der kommunen kan trekkje seg heilt ut av samarbeidet.

Det kan føre til at Skien, Porsgrunn og Siljan må behandle saka på nytt til hausten.

Politikarane skal i dag forsøke å bli einige om ein 10-årig plan for å gjere det meir framkomeleg og betre trafikktryggleiken i Grenland, blant anna ved hjelp av bompengar.

Det er alvor over situasjonen og det er nå vi må bli einige, sa fylkesordførar Terje Riis Johansen, då han opna møtet mellom grenlandskommunene og fylkesutvalet i føremiddag.