I 2007 starta USA eit program som hadde som mål å auke sitt militære etterretningsnærvær i Afrika. No håpar dei å utvide programmet, skriv den amerikanske avisa Washington Post. Overvaking av terror- og opprørsgrupper er grunnen til utvidinga.
Washington Post har mellom anna nytta Wikileaks-dokument for å få tak i informasjonen, og det er klart at desse basane var meint å haldast skjulte for offentlegheita. I ein av dei diplomatiske korrespondansane går det fram at Burkina Fasos forsvarsminister i 2009 var svært oppteken av diskresjon i operasjonane.
- LES ÒG:
– Eg kan ikkje gå i detalj, men samarbeidet med USA har vore svært nyttig, seier Djibril Bassole, Burkina Fasos utanriksminister, til Washington Post, og legg til:
– Samarbeidet mellom USA og oss burde vere svært diskret. Me må ikkje vise Al Qaida at me jobbar med amerikanarane.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Lutfattige Burkina Faso er vorte ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane til USA gjennom etterretningsprogrammet. I hovudstaden Ouagadougou jobbar no dusinvis av amerikanske personell ved den militære delen av byens internasjonale flyplass.
Hypermoderne utstyr skal ta Al Qaida og Kony
Overvakinga skjer ved hjelp av både droner og små såkalla Turboprop-fly. Desse flya har moderne sensorar som kan filme alt som skjer på bakken, spore opp infrarøde stråler, og plukke opp radiosignal. Flya vil for utrena auge sjå ut som eit vanleg passasjerfly, og med moglegheiter for å lande nær sagt kvar som helst, er flya vortne viktige våpen i USAs etterretningsarbeid.
Frå basen i Burkina Faso kan flya lett nå mellom anna Mali, Mauritania og Sahara-regionen. Det tyder at Al Qaida i Maghreb-regionen er godt innanfor rekkevidda til flya.
- LES ÒG:
Eit anna mål for operasjonane i Afrika er Joseph Kony, den berykta militære geriljaleiaren i Uganda, som er skulda for å ta born til sexslavar og bruke dei som soldatar. I Sør-Sudan ynskjer no USA å setje opp ein base som kan lette med å finne Kony, men òg for å overvake den spente situasjonen mellom Sudan og Sør-Sudan. Dei oljerike områda mellom dei to landa er svært sårbare for uro, og utanlandske investorar ynskjer mest mogleg stabilitet.
Bråk etter oppslag
Artikkelen til Washington Post på nett har skapa sterke reaksjonar. Avisa nyttar ein grafikk som gjev ein oversikt over alle militære basar som driv med overvaking. Mange har kommentert artikkelen, og meiner avisa utset USA for fare. Ein av kommentarane, som er topprangert, meiner avisa ignorerer tryggleiken til det amerikanske folk.