Hopp til innhold

Royal Marines viser styrke i London

Soldatar i hurtiggåande båtar på Themsen og militærhelikopter som dundra mellom høghusa i London. Slik viser Royal Marines at dei er klare for OL.

Det kongelege marinekorpset og politiet skal samarbeide tett om tryggleiken rundt

Britane viser styrke i sentrum av London.

Royal Marines viser styrke på Themsen.

Foto: FINBARR O'REILLY / Reuters

OL i London 2012 i månadsskiftet juli-august. 25.000 soldatar og politifolk skal sørgje for at eventuelle terroristar ikkje vil greie å skape frykt for kaos under leikane.

150 soldatar frå Royal Marines og 50 politioffiserar deltek i desse dagar i ei storstilt øving i sentrum av London. Fleire hurtiggåande patruljebåtar var i aksjon på Themsen, medan kamphelikopter av typen Lynx flaug tett over vassflata og oppe mellom skyskraparane i London City.

- Vi utvidar lokalkunnskapen vår og vi vurdere truslar. Vi førebur oss alltid på det uvisse, seier major Paul Stitson frå Royal Marines. Han fortel at det er eit tett samarbeid med politiet om tryggleiken under OL.

Heile tryggingsoperasjonen i samband med OL er kostandsrekna til 553 millionar pund, over 5,5 milliardar norske kroner. Også krigsfly, to større marinefartøy og bakke til luft-rakettar vil vere ein del av styrken.

SISTE NYTT

Siste nytt