Tjukk, svart røyk veltar opp frå Bab al-Azizia-komplekset der Gaddafi har sin residens, opplyser augevitne til fleire nyheitsbyrå tysdag føremiddag.
Dei fortel fire store smell over store delar av Tripoli, som alle fekk eit hotell der utanlandske korrespondentar er innlosjerte til å rista.
Trappar opp
Forsvarsalliansen NATO har førebels ikkje kommentert om det er deira styrkar som har utført åtaket.
Men koalisjonsstyrkane har dei siste dagane trappa opp luftåtaka mot Tripoli og angrip no mål i byen med få timars mellomrom. Bab al-Azizia-komplekset har vore utsett for mange NATO-åtak dei siste vekene.
Måndag blei hovudkvarteret til Gaddafis militæretterretning og lokala til den statlege fjernsynskanalen råka i eit luftåtak utført av NATO-styrkane.
I helga tok NATO også i bruk kamphelikopter for første gong i Libya-krigen.
– Dette tyder at krigen har gått inn i ein ny fase. Bruken av kamphelikopter er eit taktisk skifte for å gå hardare til verks mot Muammar Gaddafi og hans regime, fortel kommandørkaptein Ola Bøe-Hansen ved Forsvarets stabsskole til NRK.
- LES OGSÅ: Gaddafis feilslåtte PR-stunt
Eit kamphelikopter lettar frå eit fransk hangarskip på veg mot Libya.
Foto: ARNAUD ROINE / AfpSanksjonar mot nye hamner
Samstundes har EU-landa vorte samde om å innføra sanksjonar mot seks nye libyske hamner.
– Europarådet har vedteke å utvida restriksjonane mot Gaddafi-regimet til å gjelda seks nye hamner, opplyser EU i ei kunngjering.
Det er førebels uvisst kva for nokre hamner det gjeld. Handelsforbodet trer i kraft onsdag.
Tysdag er ein diplomatisk utsending frå Russland i opprørsbyen Benghazi, der han skal i møter med leiarane for det libyske opprøret som starta i februar i år.