Hopp til innhold

Fire bomber mot fredagsmarknader

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fire bilbomber har råka to marknader på den store handledagen i Irak. Minst 31 personar er drepne og over 70 er såra.

Bombene gjekk av på to utandørsmarknader i hovudstaden Bagdad og i Shomali, ein by sør for hovudstaden. Shomali ligg i provinsen Babil, som er dominert av sjiamuslimar.

Bombene i Bagdad detonerte på ein dyremarknad i det nordlege Kazimyah nabolaget i Bagdad, og på eit grønsakstorg i Shomali.

Ny bombe under flukt

Irakarar trekkjer kvar fredag til marknadene for å handla og tilbringa tid med familiane sine, Marknader er difor ofte mål for militante som ønskjer å ta flest mogleg liv.

Den første bilbomba i Bagdad eksploderte i morgontimane ved inngangen til dyremarknaden, opplyser politiet. Då panikkslagne besøkande forsøkte å flykta frå området, eksploderte ein bil nummer to som stod parkert få meter unna.

Minst 17 blei drepne og 45 såra i dei to eksplosjonane.

Om lag ein time etterpå detonerte to bilbomber på same tid på Shomali-marknaden. Ytterlegare 14 personar mista livet og minst 26 vart skadde.

Alle dei drepne er sivile.

Eksplosjonane er dei siste i ei rekkje åtak der opprørarar prøver å utløysa sekterisk vald som kan spolera den sjia-leidde regjeringa sitt forsøk på å oppretthalda ro og orden.

SISTE NYTT

Siste nytt