Hopp til innhold

Ein redda etter helikopterstyrt

Eit helikopter med 18 oljearbeidarar om bord har styrta utanfor New Foundland-kysten i Canada. Ein person er redda og ein er funne død.

Helikopterulykke i Canada
Foto: Keith Gosse / AP

Personen som er redda er frakta til sjukehus. Det er ikkje kjend om han er skadd.

Det opplyser fjernsynsstasjonen CBC. Redningsmannskap har funne to redningsflåtar nær staden der helikopteret styrta og sank.

- Vi veit ikkje om flåtene er tomme, seier major Denis McGuire i redningstenesta.

Han seier og at det er funne vrakdelar på havoverflata. Det er sett i verk ein større redningsaksjon i området. Helikopteret frakta arbeidarar til ein oljeplattform på Hibernia-feltet i Atlanterhavet.

Fleire militærhelikopter, fly og kystvaktfarty er med i leitinga.

Ulukka skjedde om lag 14.30 norsk tid.

SISTE NYTT

Siste nytt