Allereie 19. januar skal Start i gang med den første treningskampen. Då er motstandar Gais i Sørlandshallen.
Slik ser terminlista ut
- 19. januar: Start - Gais
- 21. januar: Start - Halmstad
- 23. januar: Plasseringskamp
- 4. februar: Motstandar ikkje klar
- 12. februar: La Manga (oppsett er ikkje klart, men Odd, Strømsgodset, Start, Viking, Kalmar, Midtjylland og Randers skal vere på La Manga samstundes. Start skal spele tre kampar)
- 26. februar: Start - AaB
- 6. mars: Viking - Start
- 13. mars: Start - Brann
– Vi er veldig nøgde med treningskampane. Det er gode motstandarar frå inn- og utland. Dette vert spennande både for spelarar og publikum, seier sportsleg administrativ leiar i klubben, Rune Jakobsen til ikstart.no.