Hopp til innhold

– Gammaldags syn på ei grasbane

Mannen som er ansvarleg for graset på Sør Arena meiner at grasbana kunne ha blitt brukt langt meir enn den han blitt brukt. Han er kritisk til at Noregs finaste grasmatte blir bytta ut med kunstgras.

Start legger kunstgress

KRITISK TIL KUNSTGRAS: Ansvarleg for graset på Sør Arena er særs kritisk til at både Kristiansand kommune og IK Start vil byte ut grasmatta med kunstgras.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

Odd Grenland

KUNSTGRAS: Sør Arena får truleg kunstgras, som Skagerak Arena i Skien.

Foto: Halldor Asvall / NRK

– For meg verkar det som mangel på kunnskap om korleis vi har moglegheit til å drive denne grasmatta, seier Torleiv Ugland som er ansvarleg for grasmanna på Sør Arena i dag.

For eit snautt år sidan vart grasmatta kåra til Noregs beste. Tidlegare denne veka vart det føreslått at det skal leggjast kunstgras som ein del av redningspakka for klubben, som er i store økonomiske problem.

Vil sleppe til breiddeidretten

Kristiansand kommune vil låne Start fem millionar kroner til å leggje kunstgras. Samstundes vil kommunen årleg betale Start 250 000 kroner til Start for å drive breiddeanlegget.

– For å få ein meir berekraftig økonomi for Start ynskjer dei å leggje om til kunstgras. Tanken med Sør Arena var i sin tid at det også skulle vere eit breiddeanlegg, men Start ynskte då naturgras. Så dette er eigentleg berre ei oppfølging av det som var intensjonen då ein bygde Sør Arena, sa økonomidirektør i kommunen, Terje Fjellvang.

Men Torleiv Ugland som dagleg jobbar med å sikre ei best mogleg grasmatte på Sør Arena, kjøper ikkje det argumentet.

Gressmatta Sør Arena

GRØNT: Grasmatta på Sør Arena har blitt kåra til den beste bana i landet.

Foto: Ane Lindahl / NRK

– Naturgraset toler mykje

– Vår tilbakemelding har vore klar. Vi har oppfordra dei til å ta inn så mange treningar som mogleg. Dei kan køyre på alt dei vil, seier Ugland til NRK.no.

– Så du meiner at dagens naturgras på Sør Arena vil tole langt meir bruk enn i dag?

– Vi har informert både Start og Kristiansand kommune om at vi meiner at bana toler at du køyrer inn full breiddeidrett, seier han.

Ugland vedgår at driftskostnadene er langt rimelegare med ei kunstgrasbane. Men han påpeikar at kunstgraset må bytast langt oftare enn ei naturgrasbane. Dermed vil kostnadene i det lange løp bli omtrent dei same.

– Gammaldags

– Eg trur det handlar litt om ei gammaldags forståing av at naturgraset er noko ein ikkje kan bruke på denne måten som vi faktisk har bevist at vi kan gjere på Sør Arena, seier Ugland.

Dekkeskiftet på Sør Arena har skapt reaksjonar i fotball-Noreg. NISO-leiar Joachim Walltin rasar mot fotballforbundet si satsing på kunstgras. Han peikar blant anna ei undersøking som viser at tre av fire toppspelarar ikkje vil spele på kunstgras.

Joachim Walltin

KRITISK: Joachim Walltin i spelarorganisasjonen NISO er kritisk til kunstgras.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Mange spelarar meiner at kunstgraset er for hardt å spele på og at sjølve spelet blir annleis.

NISO er kritisk

– Det bør vere sjølvsagt at dei som styrer høyrer på utøvarane, men det gjer dei ikkje. Det er skremmande at dei har ei haldning om at dei ikkje treng det, sa Walltin med klar adresse til fotballforbundet og kommunane.

Toppfotballsjef Nils Johan Semb kom med følgjande forklaring på kvifor NFF er positive til kunstgras.

– Det har klimatiske fordelar. Det gir lengre brukstid og opnar for at fleire enn a-laget kan bruke arenaen. Men eg trur også at det bør vere ei grasmatte tilgjengeleg for trening, sa Semb.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %