Hopp til innhold

Manar til kamp for sjukehuset

Bystyret i Arendal fryktar for sjukehuset sitt. No manar ordførar Torill Rolstad Larsen til kamp for å behalde sjukehuset.

Torill Rolstad Larsen

VIL KJEMPE: Arendalsordførar Torill Rolstad Larsen vil kjempe for å behalde sjukehsuet i Arendal.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Sjukehuset vårt kjem til å bli meir og meir plukka frå kvarandre og kjem til å smuldre opp. Dette kan vi ikkje finne oss i lenger, seier ordføraren til NRK.no.

Stikk til direktøren

– Det er fare for heile barneavdelinga - den skal omstrukturerast. I tillegg er det fare for nevrologisk avdeling, seier Rolstad Larsen.

Under bystyretmøtet i Arendal i går, skulda ho sjukehusdirektør Jan Roger Olsen for å snakke om sjukehusa i Arendal og Flekkefjord som like store.

– Arendal og Kristiansand er like. Flekkefjord er eit lokalsjukehus. No samanliknar han Flekkefjord og Arendal, seier ho.

Arendalsordføraren fekk støtte frå oposisjonsleiar Einar Halvorsen.

Fekk støtte frå oposisjonen

– Eg er einig med ordføraren i den formuleringa ho gir. Faren som ligg der no er at ein plukkar bit for bit, centimeter for centimeter og meter for meter av sjukehuset i Arendal. På eitt eller anna tidspunkt avviklar ein dette, seier han.

For kort tid sidan sa forskar Helge Hernes at Sørlandet tapar i kampen om helsekronene dersom landsdelen ikkje samlar seg om eitt nytt felles sjukehus raskt.

LES OGSÅ: Trenger ett sykehus snarest

– Vi er no noko på deffensiven, for å komme på offensiven må vi samle ressursane i sterkare og meir robuste fageiningar enn det vi no har med ei to-sjukehus løysing mellom Arendal og Kristiansand, sa han.

Arendalsordføraren har bede om eit møte med helseministeren om sjukehuset si framtid.

Kva meiner du? Delta i debatten!

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste