Hopp til innhold

Stadfestar Gytkjær-overgang

FK Haugesund presenterte i dag Christian Gytkjær som ny spiss i klubben. Samstundes avviser dei rykta om at Søderlund er på veg til Molde.

Christian Gytkjær og Asbjørn Helgeland

Christian Gytkjær blei ønska velkommen av sportssjef i FKH, Asbjørn Helgeland, i dag.

Foto: FKH.no

Alexander Søderlund

I Haugesunds Avis har det blitt skrive at mykje tydar på at Alexander Søderlund er på veg til Molde. Dette avviser klubben i dag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

For få minutt sidan kunne FKH stadfesta spekulasjonane om at Christian Gytkjær blir Haugesund-spelar neste sesong.

Dermed har dei sikra seg ein spelar som scora åtte mål på tolv kampar då han var på utlån til Sandnes Ulf i haust.

Avviser Søderlund-rykte

Det har i samanheng med Gytkjær-overgangen blitt spekulert i om landslagsspissen Alexander Søderlund i FKH er på veg til Molde, men dette avkrefter Asbjørn Helgeland, som er sportsleg leiar.

– Me har registrert desse spekulasjonane, men Søderlund er med i planane våre vidare. Han har framleis eitt år att av kontrakten si, men skulle det koma eit veldig bra tilbod, så vil me sjølvsagt vurdera dette, seier Helgeland til NRK.no.

Nå er dei glade for å ha forsterka med den danske spissen frå Nordsjælland, som har signert ei kontrakt med FKH på fire år. Gytkjær sjølv er også nøgd.

– Eg er veldig nøgd! Eg har hatt eit turbulent år med utleiingar. Nå skal det bli godt å få noko permanent, og få gang på utviklinga, seier han.

– God på avslutningar

Allereie i morgon vil 22-åringen vera med på trening med sine nye lagkameratar. Han trur sjølv han kan vera eit viktig bidrag for klubben.

– Eg er først og fremst målfarleg. God på avslutningar og god med ball, seier dansken som scora mot Haugesund då han spelte for Sandnes Ulf.

Med åtte mål på tolv kampar fekk han synt at han var målfarleg i haustsesongen i eliteserien.

– Eg håper eg kan halda oppe scoringsraten eg har frå halvåret mitt i Sandnes, avsluttar Gytkjær.

Han ser fram til å delta i den harde konkurransen om spissplass i FKH.

Christian Gytkjær jubler for scoring

Christian Gytkjær er Nordsjælland-spelar men har i haust vore på utlån til Sandnes Ulf. Her scora han åtte mål på tolv kampar.

Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix