Hopp til innhold

Saudamann (66) framleis sakna

Ernst Åge Johnsen (66) er framleis sakna i Sauda. Politiet går nå ut med bilde og kjennemerke på bilen til mannen.

– Mannen køyrer ein sølvgrå Mercedes-Benz. Bilen har kjennemerke RJ62891, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Austerheim.

Politiet leiter framleis etter 66-åringen som blei meldt sakna torsdag ettermiddag.

Det var familien som melde frå etter at dei ikkje hadde sett han sidan morgonen same dag.

Den sakna skal ha køyrt av garde i sin sølvfarga Mercedes-Benz C-klasse (2004-modell).

Politiet har tidlegare omtala forsvinninga som eit mysterium og har leita i og rundt Sauda utan hell.

Politiet ber dei som har observert bilen melda frå på telefon 02800.

Mercedes Benz C-klasse

Den sakna saudamannen skal ha køyrt ein Mercedes-Benz C-klasse av denne typen.

Foto: Politiet