Hopp til innhold

Familie på fem redda ned frå fjellet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Familien på fem «gjekk seg fast» og måtte ha hjelp for å komma seg ned frå fjellet i Nordstøldalen i Sauda.

Det var ein hyttenabo som tysdag kveld melde frå om at familien på fem ikkje klarte å komma seg ned frå fjellet.

Ulendt terreng

Terrenget var ulendt, delvis bart og vanskeleg å ta seg fram i. Heile familien var godt kledde, men to av dei var i ferd med å gå tomme for krefter.

– Redningsmannskap frå Sauda Røde Kors blei kalla ut, og dei stilte med fire mann og to snøscooterar, opplyser Jan Magne Østebøvik, operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Henta ned av helikopter

Det vanskelege terrenget gjorde at redningsmannskapa ikkje nådde heilt fram til familien. Eit Sea King redningshelikopter blei derfor tilkalla.

Klokka 05.28 blei familien henta ned av helikopteret. Dei blei frakta tilbake til hytta i Svandalen og det stod bra til med alle fem.

Familien bestod av to foreldre og tre vaksne barn.