Hopp til innhold

Minnemarkering etter dødsulukke

Heisane i Sauda skisenter skal stå stille mellom klokka 13.00 og 13.05 på sundag. Dette er for og minnast 21 år gamle Ragnar Tungland, som døde i ei arbeidsulukke på skisenteret torsdag.

Sauda skisenter

Sauda skisenter har vore stengt sidan dødsulukka på torsdag. Sundag opnar dei att.

Foto: Sauda skisenter / Webkamera

– Me stoppar alle heisane i fem minutt, som ei minnemarkering, seier styreformann Lars Rustad, ved Sauda skisenter.

Det er i nå to dagar sidan nytilsette Ragnar Tungland ved Sauda skisenter
døde i samanheng med oppstart av den eine skiheisen. Framleis er miljøet rundt skisenteret prega av hendinga:

– I dag kjem alle dei tilsette som ikkje var der då det skjedde. Saman skal me alle ha ei samling med både prest og lege, der kan ein snakka om det som har skjedd, seier Rustad.

Han seier at alle skal få koma fram med tankane og kjenslene sine før oppstarten av skianlegget i morgon. Og frå klokka 13.00 til 13.05 vil altså alle heisane stå stille som ei minnemarkering for Ragnar Tungland.

Klokkeslettet som tidlegare var oppgitt var 12.00 til 12.05, men på grunn av at fleire skal få moglegheit til å delta i markeringa, har leiinga ved Sauda skisenter valt å utsetja markeringa ein time.