Hopp til innhold

Arbeidstilsynets konklusjon: – Svikt i rutinane

Arbeidstilsynet har påvist svikt i rutinane ved Sauda skisenter etter dødsulukka i går. Skisenteret får derfor ikkje lov å opna den eine heisen før nye rutinar er på plass.

Sauda skisenter held ope 3. juledag

SAUDA SKISENTER: Politiet er ferdig med dei kriminaltekniske undersøkingane ved Sauda skisenter etter dødsulykka torsdag.

Foto: Lars Reidar Fosstveit / Sauda skisenter

Etter den tragiske ulukka, der ein 21 år gammal mannleg tilsett ved Sauda skisenter i går omkom, har heile skisenteret vore stengt.

Den tilsette kom i klem i ein av heisane i Svandalen, og Arbeidstilsynet har granska arbeidsrutinane ved skisenteret. Konklusjonen er at det var svikt i rutinane ved oppstart av den aktuelle skiheisen.

– Me har derfor sagt at dei ikkje kan bruka denne delen av skitrekket, før dei lagar ein rutine. Dette er ein rutine dei kan laga på forholdsvis kort tid, seier seniorinspektør Ronny Hagen i Arbeidstilsynet.

Heile anlegget er nå likevel stengt på ubestemt tid, dette er det leiinga ved skisenteret som har valt å gjera.

– Når dei nye rutinane er på plass kan dei opna heile trekket. Så får det vera opp til dei kor lenge dei vil halda stengt, med tanke på respekt til familie, eller andre ting som gjer at dei ikkje vil starta opp att, seier Hagen.

Leiinga ved skisenteret seier at dei raskt skal få dei nye rutinane på plass:

– Me skal få på plass skriftlege rutinar for korleis oppstarten av det aktuelle anlegget skal skje, seier Lars Rustad, som er styreformann i Sauda skisenter.

Han reknar med at dei nye rutinar skal vera på plass i løpet av kvelden.

Fredag kveld opplyser leiinga ved Sauda skisenter at dei held stengt laurdag. Søndag er det vanleg drift i skianlegget.