Hopp til innhold

Bilførar har meldt seg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein eldre mann har meldt seg til politiet. Det kan vera han som kjørte på ei sju år gammal jente i sentrum av Sauda i går.

Tidleg søndag morgon ringte ein mann i slutten på 70-åra til politiet i Haugesund. Han frykta at det kunne vera han som hadde kjørt på ei sju år gammal jente i Sauda sentrum i går.

Såg ingen ting

Mannen fortalde at han hadde kjørt ein sølvfarga bil i sentrum av Sauda i 12.30-tida, laurdag. Han hadde høyrt eit dunk i bilen, men hadde ikkje funne ut kva det skuldast. Sjølv rekna han med at nokon hadde kasta ein ball på bilen hans, eller liknande.

– Med tanke på at han har vore på staden i dette tidsrommet og at han har ein sølvfarga bil, så er det mykje som tyder på at vedkommande er gjerningsmannen, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Sørensen.

7-åringen syklet i sentrum

Jenta, som mannen kjørte på, blei sterkt forslått og måtte på legevakta, etter påkjørselen i går. Sjuåringen var ute og sykla, då ulukka skjedde. Det var fleire vitne til stades, som såg at bilføraren kjørte frå staden, utan å stoppa. Dei fortalde at føraren sat i ein grå varebil.

Saka har blitt etterforska av Sauda lensmannskontor og det gjekk nærare eitt døgn før bilføraren melde seg.