Hopp til innhold

Blei kasta av bussen - stod og fraus i fem timar

– Bussjåføren låste døra og gjekk på ferja, eg blei ståande igjen aleine og frysa i fem timar, seier Wenche Michaelsen (32). På grunn av stengt veg kunne ikkje bussen ta ho med til foreldra i Sauda.

Forlatt på Ropeid

Det var på denne ferjekaien på Ropeid Wenche Michaelsen blei ståande att å frysa.

Foto: Google Streetview og privatfoto

Då vegen inn til Sauda blei stengt måndagskveld på grunn av fare for ras , var det klart at bussen som skulle til Sauda ikkje kunne gå lenger enn til Ropeid.

– Bussjåføren låste berre døra og tok ei ferje til Sand. Andre passasjerar reiste også med denne ferja eller fekk kjente til å henta dei, seier Wenche Michaelsen.

Kjenner ingen i området

Men sjølv blei ho ståande att på kaien på Ropeid, utan pengar til ferje eller pengar på mobiltelefonen til å ringja med:

– Eg har ingen kjente i området eller på Sand, derfor ville det heller ikkje vore vits for meg å ta denne ferja. Eg var på veg for å vitja foreldra mine i Sauda, men dei var jo isolerte på grunn av raset, seier Michaelsen.

Dermed blei ho ståande på kaien heilt til stefaren hennar ringte og lurte på korleis det gjekk med ho, då hadde ho stått der i omlag fem timar:

– Stivfrossen

– Eg var stivfrossen og ba han om å kontakta politiet i Haugesund for å få hjelp, seier ho.

Faren ringte til politiet som har registrert meldinga klokka halv elleve om kvelden. Dei fekk då ordna det slik at kvinna kunne ta båten til Sand, og at ho fekk bu på hotellet der. Hotellet skulle senda rekninga til stefaren til kvinna.

– Ho var fortvila for å ha blitt sett av bussen der, det er berre eitt bygg på Ropeid, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Svein Roald Vikse.

Både stefaren og kvinna sjølv meiner at det er urovekkjande at busselskapet Kolumbus ikkje tar betre vare på de reisande.

Kolumbus ser alvorleg på det

– I byrjinga var det meg og ein frå Somalia, som blei ståande igjen, då eg fekk forklart han kva som var grunnen til at me hadde blitt kasta av bussen fekk han ordna det slik at han sitja på med ein bil til nokon kjende, seier ho.

Cecilie Dybdahl Birkeland er kommunikasjonssjef i Kolumbus, som er ansvarlege for kollektivtrafikken i Rogaland:

– Me ser svært alvorleg på denne saka, og skal sjekka opp i kva det er som har skjedd, seier ho.

Ho seier også at ho håper at familien som blei råka av dette tar kontakt med busselskapet.

Sjølv seier Wenche Michaelsen at ho håper at Kolumbus vil ha ein betre beredskapsordning dersom noko liknande skal skje i framtida.