Hopp til innhold

Saudaordførar gjer seg

Laura Seltveit vil ikkje stilla til attval neste år. Arbeidarpartiordføraren tok over som ordførar i Sauda midt i førre valperiode.

Laura Seltveit

Ordføraren som med Ap fekk heile 51,8 % av stemmene ved førre val gjer seg.

Foto: Arbeiderpartiet

Etter å ha gått fleire rundar med seg sjølv har Seltveit nå teke avgjerda om å ikkje halda fram som ordførar skriv Haugesunds Avis.

– Det å vera ordførarar er veldig kjekt og utfordrande. Men ein ny periode på fire vil vera for mykje har eg funne ut etter å ha gått fleire rundar med meg sjølv og med familien, seier Seltveit til NRK.no.

Sjølv om ho ikkje vil stilla til attval som ordførarkandidat, er ho langt frå ferdig med politikken, seier ho:

– Viss partiet og nominasjonskomiteen vil ha meg så stiller eg til kommunestyret. Eg har eit samfunnsengasjement som eg ikkje klarer å leggja frå meg.