Hopp til innhold

Har funne ein omkommen person etter husbrann

Krimteknikarar har funne ein død person i huset som brann natt til i dag. Mannen er ikkje identifisert.

Husbrann i Skulegata i Sauda

I natt begynte det å brenna i eit hus i skulegata i Sauda.

Foto: Arvid Horpestad

Like før klokka eitt natt til torsdag blei politiet varsla om brann i eit bustadhus med tre leilegheiter i Sauda i Ryfylke. Huset ligg i Skulegata, side om side ved Folkets Hus.

Ein person i 50-åra har hatt status som sakna etter brannen, og klokka 13.23 blei ein person funnen omkommen inne i bustaden.

Mannen er førebels ikkje identifisert.

To personar var sakna

Politiet meldte tidlegare at to personar var sakna etter brannen, men torsdag morgon blei den eine mannen spora opp, og det blei klart at han ikkje hadde vore i huset då brannen byrja.

– Han var verken i huset eller i Sauda da brannen starta, seier Norunn Byrknes operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Huset inneheld tre leilegheiter. Det bur folk i to av desse.

Husbrann i Sauda

Huset er blei sløkt torsdag morgon.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Dreiv sløkkearbeid i heile natt

Sløkkearbeidet tok tid, og brannvesenet var fram framleis ikkje ferdige på staden i 7-tida i dag.

– Brannvesenet har nå halde på med ettersløkking til langt ut på morgonkvisten. Område vil etter sløkking bli avsperra, slik at kriminalteknikarar kan få koma seg inn og undersøka, seier Byrknes.

Brannårsaka er framleis ikkje kjent, og saka vil bli etterforska vidare av politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.