Hopp til innhold

Elleve personar fekk parkeringsbøter medan dei trente

Politiet i Karmøy har sett seg lei av feilparkeringar utanfor eit treningssenter i Åkrehamn sentrum. Derfor gjekk dei i kveld til parkeringsaksjon, noko som førde til elleve parkeringsbøter.

Det var ved Haugesund Aerobic og Treningssenter avdeling Åkra, i Åkravegen politiet i kveld gjekk til parkeringsaksjon.

Dermed enda treningsøkta med ein nedtur for fleire personar. Totalt hadde politiet skrive ut elleve parkeringsbøter på 500 kroner stykk.

– Me har fått ein god del klagar på feilparkeringar ved treningssenteret. Feilparkering i gata som er skilta med «parkering forbode», skaper store problem for biltrafikken i området, opplyser Svein Sørensen som er operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.