Hopp til innhold

Døde momentant etter fall

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann døde i føremiddag under arbeid med høgspentleidningar i Sauda. Mannen falt 8–10 meter frå ein spesialsykkel som blir brukt i arbeidet.

Kraftlinjesykkel

Det var ein spesialsykkel av denne typen som blei brukt i arbeidet.

Foto: Heidi Lise Bakke/Thomas Hellum / NRK

Det var i halv tolv tida politiet fekk inn melding om fallulukka i Saudafjellene:

– Mannen ramla ned frå ein såkalla linjesykkel. Fallet var på 8–10 meter, og sykkel hamna oppå han, seier Agnar Austerheim, operasjonsleiar ved Rogaland og Sunnhordland politidistrikt.

Kroatisk selskap

Høgspentlinja skal gå mellom Sauda og Liastølen i Suldal. Sidan ulukka skjedde langt til fjells har politi og ambulansepersonell blitt flydd inn til ulukkesstaden.

– Politiet vil etterforska hendinga, seier Austerheim.

Det var eit kroatisk selskap som utførte arbeidet på oppdrag frå Statnett.

– Me er frykteleg lei oss for det som har skjedd. Me tankane våre går på familien og pårørande til den forulykka og har nå sendt opp folk frå Statnett skal snakka med dei andre arbeidarane og for å finna ut meir rundt det som har skjedd, seier Irene Meldal kommunikasjonssjef i Statnett.

Arbeidstilsynet kopla inn

Ho seier dei vil føre ta seg ei intern gransking for å unngå liknande hendingar i framtida.

– Me har ikkje mykje tilsvarande arbeid i gang nå. Men me har svært mykje leidningsbygging framføre oss og då må me vera sikre på at dette skal kunna gjennomførast på ein forsvarleg måte, seier ho.

Arbeidstilsynet er også kopla inn i saka.