Hopp til innhold

Skadd i trafikkulykke

Ein mann er send til Haugesund sjukehus etter ei utforkøyring ved Åkrehamn onsdag kveld.

Politiet fekk melding om utforkøyringa klokka 1810. Bilen køyrde av vegen og traff eit hus ved Medhaug, like utanfor Åkrehamn sentrum.

Det er førebels ukjend kva som er årsaka til ulykka, og tilstande den 40 år gamle mannen som køyrde bilen er også ukjend.