Hopp til innhold

Sauda-par bomma kraftig på turen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit rusa par frå Sauda bomma med nesten 380 kilometer då dei skulle ein tur på byen.

Det gjekk skikkeleg i surr for paret i 40-åra natt til søndag. Dei to 40-åringane var nemleg sikre på at dei var i Sauda då dei blei stoppa av politiet i 01-tida, skriv Sandefjords Blad.

Men det viste seg at dei hadde bomma med 376 kilometer. Dei var nemleg i Sandefjord, langt borte frå den lille industribyen i Indre Ryfylke.

Det er uvisst kva som var grunnen til bomturen. Men det uheldige paret mista bilnøklane i Vestfold-byen. Dermed blei det bom stopp for den vidare ferda.

Begge blei sende til arresten i Tønsberg. Etter at det hadde blitt tatt blodprøvar av paret, spurde dei om politiet kunne bestilla drosje til Odda.

Dei trudde framleis dei var i Sauda. Men det var dei altså ikkje, og overnattinga måtte derfor skje i Vestfold.