Hopp til innhold

Eramet i sving igjen

Kallar permitterte tilbake på jobb og aukar produksjonen i Sauda.

Eramet Sauda
Foto: Jonas Rød

Alle dei 200 tilsette ved Eramet i Sauda har sidan nyttår vore halvt permittert, men no blir fleire kalla tilbake i full jobb.

Større etterspurnad etter stål

Årsaka er større etterspurnad etter stål i marknaden.

Ein av dei to ovnane ved smelteverket er nå oppe i 100 prosent drift, etter å ha gått for 25 prosent maskin ei periode.

Den andre er framleis ikkje i drift.

Klubbleiar Jens Jensen er likevel nøgd, og håpar Eramet kan ha full produksjon i løpet av året.

- Siste del av 2009 ser eg litt meir positivt på, enn første halvår. Vi har allereie tatt inn 10 av dei som er permittert for å ta den produksjonsauken som er, midt i ferietida, seier Jensen.

Smelteverket har vore hardt ramma av finanskrisa. Etterspurnaden etter mangan frå stålindustrien sank dramatisk mot slutten av 2008, noko som førte til at ein nyinnkjøpt smelteomn ikkje blei starta opp.

- Dette er er veldig bra

Saudaordførar Laura Seltveit jublar over oppgangen i marknaden.

- Eg er ein glad ordførar, ikkje minst for alle dei tilsette og alle som bur her som er tilknytt smelteverket enten direkte eller indirekte. Dette er ei postiv melding som me må ta til oss i dag, seier Seltveit.