– Det er respektlaust for dei som skal drive denne idretten, seier Steinar Sørum, trenar i Skien Ishockey til NRK.no.
Klubben satsar seriøst på opprykk til 2. divisjon. Dei hadde førebudd seg godt til denne kampen og venta tøff motstand, skriv TA i dag.
Skikkeleg nedtur
I Skien hadde dei fått vite at Tønsberg 2 hadde stilt med 20 mann og mange 1. divisjonsspelarar i den siste kampen. Men til kampen i Skien på søndag stilte Tønsberg 2 med berre sju utespelar og keeper.
– Dette blei ein skikkeleg nedtur, seier Sørum. Resultatet blei 29–2 og ein skotstatistikk som viser at Skien hadde 109 skot på mål, medan Tønsberg berre hadde ni.
Julebord for A-laget
A-laget til Tønsberg Ishockey & Omegn IHK er i toppen av 1. divisjon. Men A-laget hadde julebord laurdag før kampen, og berre lagets tredjekeeper var med på rekruttlaget i 3. divisjon til Skien.
(Artikkelen fortset under bilete)
Skien Ishockey skåra 29 mål mot Tønsberg 2.
Foto: Jørgen SteffensenLeiar i klubben og sportsleg leiar for elitesatsinga og rekruttlaget, Roar Berg, seier det var ei rekkje uheldige omstende som førte til at rekruttlaget, Tønsberg 2, ikkje kunne stille med fullt lag.
Han beklagar sterkt at Tønsberg ikkje kunne yte betre motstand.
– For tidleg på dagen
– Det var uheldig at kampen gjekk så tidleg som klokka 11 på søndag føremiddag. Hadde kampen gått seinare på ettermiddagen hadde vi nok klart å stille med fleire spelarar, seier Berg.
Neste gong Tønsberg 2 møter Skien Ishockey lovar Roar Berg at dei skal stille med betre lag. Det blir 3. mars i Tønsberg Ishall.
– Vi ønskjer sjølvsagt ikkje å tape med slike siffer. Men fleire av spelarane på rekruttlaget er studentar og leste til eksamen, seier Berg.
Ikkje stimulerande
Jon Haukedal i Norges Ishockeyforbund seier at 3. divisjon blir rekna som ein del av breiddeidretten i ishockeyforbundet, og der finst det varierande grad av profesjonalitet i klubbane.
– Eg skjønar at Skien Ishockey ikkje finn det særleg stimulerande med ein slik kamp, seier Haukedal.
(Artikkelen fortset under bilete)
Med bare ni skot på mål etter tre periodar blei det ein kjedeleg kamp for keeperen til Skien Ishockey.
Foto: Jørgen SteffensenSatsar på opprykk
Skien Ishockey satsar seriøst og søkte om plass i 1. divisjon. Med det avslo Norges Ishockeyforbund og argumenterte med at motstanden ville bli bra nok i 3. divisjon.
– Det såg vi på søndag at ikkje er tilfelle. No satsar vi på å vinne 3. divisjon og rykke opp til 2. divisjon neste år, seier trenar i Skien Ishockey, Steinar Sørum.