Hopp til innhold

– Krangla med romfolket

Politiet rykka ut til Vår Frue kirke etter meldingar om slåssing og trugslar.

Utrykning til Vår Frue kirke

RYKKA UT: To patruljer måtte innom Vår Frue kirke i går kveld.

Foto: Henrik Sundgård

– Vi har fått to versjonar av kva som skjedde, seier innsatsleiar Strand i Sør-Trøndelag politidistrikt. Dei første meldingane om bråk ved kyrkja kom kl 20.14.

– Truga med knivar

I følgje politiet var det romfolket, som har heldt til i kyrkja i det siste, og ei gruppe frå Romania som kom i konflikt. Ein person skal ha blitt slått ned, og rumenarane skal ha truga med at dei hadde knivar i bilen. Det er ikkje avklart om dette stemmer.

– Det var svært uoversiktleg då vi kom til staden, og vi har fått ulike versjonar av kva som skjedde. Vi søkte gjennom ein bil, men fann ingen våpen. Ein person vart sjekka av ambulanse, men han var ikkje skadd, seier Strand.

Rumenarane vart sendt vekk frå staden med beskjed om å ikkje komme tilbake.
Politiet etterforskar saka vidare, og ein person skal ha sagt at han ville melde saka.

Utrykning til Vår Frue kirke

KONFLIKT: I følgje politiet var det romfolk og rumenarar som hadde ein verbal krangel.

Foto: Henrik Sundgård

Roleg natt

Utover bråket ved Vår Frue kirke var det lite dramatikk i Trondheim sentrum i natt.

– Vi har hatt mange småoppdrag. Det har gått på uforsvarleg køyring, folk som har vore overstadig rusa, og knuste ruter, seier politiet i dag.