– Vi tenkte at det var trygt å sette opp telt her, seier dei to tyskarane til NRK. Dei såg at folk campa like ved Nidarosdomen, og visste ikkje at det var romfolk.
- LES OGSÅ: Romfolk har leir ved Nidarosdomen
Fattige studentar
VIST BORT: Turistane fekk beskjed om at dei ikkje kunne bu ved Nidarosdomen.
Foto: Rune Kjær Valberg / NRKDei to studentane frå Tyskland har dårleg råd, og tok difor sjansen på å sette opp teltet sitt på Marinen, like ved Domen.
– Det kjentest i alle fall sikrare å slå seg ned i nærleiken av andre som hadde slått opp telt. Vi la merke til at det var diskusjon i den andre leiren, men den sto der framleis då vi la oss rundt kl 22, seier tyskarane.
I føremiddag fekk dei beskjed om at dei måtte flytte seg. Også romfolket pakka saman i dag tidleg.
– Ikkje campingplass
Det er førebels ingen som har slått seg ned ved Vår Frue kirke i tru om at dét er ein campingplass. Leiaren av Bymisjonen håpar det ikkje blir eit problem også der.
– Det er ikke et egnet sted å campe, det er jo gravsteiner der, men vi kommer aldri til å be noen dra derfra uansett. Det må eventuelt kirkevergen gjøre, sier Dag Aakre, leder av Kirkens Bymisjon i Trondheim, som driver Vår Frue kirke.
FLYTTA: Her sto teltleiren, men snart skal Olavsfestdagane ha toaletta sine her.
Foto: Kjetil Nesgård / NRK