Rosenborg møter Ståle Solbakkens FC København i den fjerde kvalifiseringsrunden. Første kamp blir på heimebane, før returoppgjeret spelast i København.
Det var stor spenning knytt til UEFA-trekninga frå Nyon, og rundt 20 journalistar var samla på RBK-brakka. Jubelen sto i taket då motstandaren var klar.
Nøgde med motstandaren
RBK-trenar Nils Arne Eggen trur det skandinaviske oppgjeret blir interessant, men tok resultatet med knusande ro.
– Det er heilt ok. Vi har sagt at vi tek dei vi får, seier Eggen.
– Det blir artig og utfordrande å møte FCK, meiner sportsleg leiar Erik Hoftun.
Han meiner likevel det beste hadde vore om dei to nordiske laga ikkje møttest allereie no.
– Om begge hadde gått vidare til gruppespel, hadde vi i alle fall sikra eitt skandinavisk lag i meisterligaen, seier Hoftun.
Det er Eggen einig i.
– Begge laga hadde trengt å gå vidare.
Tru på siger
Både Eggen og Hoftun trur RBK kan slå danskane.
– Eg går ut frå at det er fullt mogleg, seier Eggen.
– FCK er eit godt lag, men det er vi også, så eg har tru på at vi kan vinne. Det blir «the battle of Norden», seier Hoftun.
Også spelarkoordinator Harald Pedersen er spent.
– For Rosenborg blir dette ein kjempematch. Dette er dei to beste laga i norden, så det er kjempespennande. Og det gir ekstra krydder at det er to sentrale norske trenarar i hovudrollene, seier Pedersen.
Åtte seriegull
FC København blei stifta 1. juli 1992. Klubben har vore i den danske Superliga sidan sesongen 1992/1993 og har vunne seriegull åtte gonger. Siden 2001 har klubben hatt en gullalder med sju gull-, ein bronse- og to sølvmedaljar i serien, samt tre cupgull.
Klubben kvalifiserte seg til gruppespelet i Meisterligaen for første gong i 2006. Der endte laget sist i gruppen, men vann både over Manchester United og Celtic. Laget ligg på 60. plass på UEFAs klubbranking.
Knuste AIK
Rosenborg kvalifiserte seg til fjerde kvalifiseringsrunde då dei slo svenske AIK 4-0 samanlagt. Dei spelte 3-0 på Lerkendal og sikra seg 1-0 på bortebane i Stockholm.
Før trekninga var dei aktuelle motstandarane Anderlecht, Hapoel Tel-Aviv, FC Basel, Sparta Praha og FC København.
Fleire av spelarane har ønska seg nettopp FC København som motstandar, medan trenar Nils Arne Eggen ikkje ville røpe kven han håpa på.
Truga økonomi
Med sigeren over AIK berga Rosenborg både ein plass i Europaligaen og ein hardt truga økonomi.
Om Rosenborg vinn den fjerde kvalifiseringrunden i august er dei vidare til gruppespelet i Meisterligaen, og får ein pengebonus på 20 millionar kroner.
– Vi tenkjer mest på det sportslege, så blir pengane ein bonus, seier Hoftun.
Hjemmekampen går på Lerkendal tirsdag 17. august og returoppgjøret i Köbenhavn foregår onsdag 25. august.