Det var jamnt i Fylkestoppen denne gongen. Maria Helgesen frå Stadtlandet vann med knappast mogleg margin, eitt poeng, over Glima med "Jølstraspringar". Glima markerte seg likevel sterkt i deira første deltaking i Fylkestoppen.
Maria Helgesen
"The Orchid Of My Collection" var utfordrar til Fylkestoppen i april, og kom rett inn på andre plass. Maria Helgesen frå Selje har tonesett og syng songen. Lars-Rune Alvsaker skreiv teksten då mor hans Reidun døde av kreft. Låta er spelt inn i YFM Studio i Bergen og produsert av Erlend Fauske og Hans Christian Helgesen. Helga Helgesen er med og korar på melodien.
Høyr:
Glima
Honndølen Torunn Raftevold Rue spelar hardingfele i trioen Glima som er ute med ny plate. No prøvar dei seg på fylkestoppen med Jølstraspringar etter Johannes Nedrebø, frå den nye plata " Tårån". Torunn Raftevold Rue er kanskje mest kjent som ei av dei sju Honndalstausene, som feira 25-års jubileum sist haust. Men ho har også 12 år bak seg i samspel med Ragnhild Knudsen og Helene Waage i Glima som har base i telemark.
Høyr:
Stine Beate Bøthun Breilid
Den 17 år gamle musikaren Stine Beate Bøthun Breilid vart Lutt-talentet i 2008. No ligg jenta frå Fresvik på topp på Fylkestoppen med songen "I got to go now". Som Lutt-talent var Stine Beate ein av deltakarane på konserten Jule-Lutt i desember 2008. Ho har jobba med musikk i mange år, og har veldig lyst å satse også framover.
Høyr:
Billa and the kid
Billa and the kid fekk nærast kultstatus med sine friske konsertar og songen om sin "69-modell, grå Ford Cortina" ved tusenårskiftet. No har sogndølene vitja studio på nytt. Mellom innspelingane er songen om Vikahuset, som også er første utfordrar til neste fylkestopp. Billa and the Kid er Bjørn Rune «Billa» Nondal og Gunnar Yttri. Dei er sett på som eit av dei beste konsertbanda i Sogn, med sine saftige viser, blanda opp med kjenslevare dikt og finstemte tonar.
Høyr:
Ut av lista Ingvill Førde Torvanger
"Kvar er du no" heiter melodien Ingvill song som utfordrar på Fylkestoppen i april. Torvanger kjem frå Bremanger, men er busett i Florø. Det er Sølve Stang frå Stongfjorden som har skrive tekst og melodi. Songen er ei bryllaupsgåve til ei venninde som miste son sin for nokre år sidan.
Høyr:
Eva & The Heartmaker
Sognejenta Eva Weel Skram var i starten av februar mest solgt av norske artistar. Ho jobbar for tida med si neste plate saman med gruppa si Eva & The Heartmaker. I fjor haust fekk NRK P3 høyre ein av melodiane frå plata, og vart stupforelska. Det er denne melodien som kom inn på tredjeplass på lista som utfordrar i desember. Eva Weel Skram gav også to konsertar under bransjetreffet By:larm 19-22. februar.
Høyr:
Eirik Hjermann
Siste utfordrar til fylkestoppen jobbar som psykolog i Helse Bergen, og det var rett og slett ei 40-årsgåve som fekk Eirik Hjermann til platestudio. Hjermann har lang erfaring som musikar, og har spelt i band både i Trondhein og Oslo. Midlife heiter melodien som Florømannen spelte inn i studio i Bergen. Han har skrive både tekst og melodi til fylkestopputfordraren.
Høyr: