|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Vågsøy: Måløyferja | "Ørnen" legg til kai i Deknepollen. Foto: Fjordenes Tidende |
Måløyferja var det einaste sambandet til fastlandet som folket på Vågsøy hadde heilt fram til Måløybrua vart teken i bruk like før jul i 1973. Publisert 04.09.2006 13:40. Oppdatert 15.12.2006 10:45.
Men ”Måløyferja” var ikkje den første då den starta i 1953: Då riksvegen fram til Deknepollen vart opna i 1945, starta Wilhelm Oksholen frå Tennebø passasjerfrakt med motorbåten ”Falken” mellom Deknepollen og Måløy. Båten kunne ta 14 passasjerar.
Fiskebåt som ferjeDå riksvegsambandet til Måløy vart offisielt opna i 1948, tok Fylkesbaatane over ferjestrekninga. Det vart bygd ferjelemmar i Deknepollen og ved Torgkaia i Måløy. Fylkesbaatane leigde fiskebåten ”Halnes” som vart sett inn i frakta av bilar og passasjerar over Måløysundet. Bilane vart køyrde inn på tvers over dekk, noko som var upraktisk og skapte mykje heft på ombord- og ilandkøyring.
Næringslivet greip innDet var stor misnøye med det primitive ferjetilbodet, og i 1953 skipa næringslivsfolk i Måløy trafikkselskapet ”Måløyferja AS”. Dei kjøpte den gamle ferja ”Ørnen” i Danmark og sette den i trafikk i juni 1953.
Ferjer bygde på RaudebergMen ”Ørnen” vart raskt for lita, og i 1955 bygde Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg den første ”Måløyferja”. Seinare bygde verftet fleire ferjer til Måløyferja AS. I det siste driftsåret før brua opna, frakta Måløyferja AS 427.000 passasjerar, 11.500 lastebilar og bussar og kring 66.000 personbilar over Måløysundet.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|