SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Vågsøy

Holvik skule har 40 elever. (Foto: NRK)
Holvik skule har 40 elever. (Foto: NRK)
For skular før 1910 sjå: Kommunehistoria i Selje og: Skular i Selje. Omtalane er hovudsakleg ordna etter startår.

Publisert 27.12.2001 13:38. Oppdatert 06.11.2006 10:43.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Det første faste skulehuset vart truleg bygd i Røysa på Raudeberg ca. 1865. På den tida var det omlag 12 veker skuletid årleg.

Skram skole i Måløy

I 1881 innreia Hans Kvalheim (Skule-Hans) skulerom i eige bustadhus på Skram. Seinare vart det bygd skulehus på Midtgård, og i 1920 eit nytt stort skulebygg på Skram.

Selje Sløyd og Arbeidsskule

starta 1885 etter mønster frå Holmøy Arbeidsskule. Denne ambulerte, og heldt m.a. til i Osmundsvåg og Skram. Nedlagd 1909.

Første kvinnelege lærar

i fast post var Magda Torjussen på Skram (Måløy) 1901. Skram fekk fast skulehus 1897.

Bokmålet i skulen

I 1919 avgjorde ei folkerøysting i Sør-Vågsøy at skulemålet i heile kommunen skulle vere nynorsk (256 for nynorsk - 153 for bokmål). Skulemålet i Måløy har likevel vore bokmål heilt sidan 1928, med parallellklassar i nynorsk nokre år på 1930-talet. (Sjå elles distriktslege Einar Strand under "Helsestellet i Vågsøy".)

Per Drage. (©Fylkesarkivet)

Måløy Tekniske Aftenskole

vart starta i 1911 av ingeniør Per Drage. Den heldt til i Johnsens Hotell like ved Torget i Måløy sentrum, og tok inn 10-15 elevar i kvart kull. Elevane kom frå Måløy og bygdene innover Nordfjord. Kursa var halvårlege, og forutan elektrofag vart det undervist i matematikk, projeksjonsteikning, norsk og engelsk. Per Drage stod sjølv for undervisninga, av og til assistert av sonen Arnulf Drage. Den private skulen var i drift til fram under 2. verdskrig.

Måløy kommunale realskole

vart skipa 1913.

G. Kragseths Handelsskole

starta i Måløy i 1931. - Sjå G. Kragseths Handelsskole.

Realskule på Raudeberg

På Raudeberg vart det sett i gang realskule i krigstida. Den vart driven i 5-6 år. Deretter vart elevane sende til realskulen Måløy med fri skuleskyss.

Moldøens Middelsskole

- sjå Måløy kommunale realskole.

Privat arbeidsskule

M. Endal starta 1936 ein privat arbeidskule i Måløy. Han dreiv skulen til 1952.

Linedelt ungdomsskule

Vågsøy innførte 9-årig linedelt ungdomsskule i 1965, samstundes som den kommunale realskulen i Måløy vart lagt ned. Skulen fekk frå starten eige bygg på Gotteberg, der det også var gymnastikkhall og symjebasseng.

Skavøypoll

fekk skulehus i 1896. Grenda Kulen freista fleire gonger mellom 1911 og 1923 å verte eigen krins, men fekk berre godteke ein vinterskule i åtte veker i 1919. Nytt skulehus vart bygt i 1954, og då vart også tidlegare Saltkjelen krins ved Ulvesundet sentralisert til den nye skulen.

Våge (Vågsvåg)

fekk skulehus i 1905. Etter motstand i grenda vart også Oppdedal krins lagt til skulen i Vågsvåg i 1920. Det vart bygt ny skule i Vågsvåg kring 1960.

Kvalheim

fekk skulehus i 1915.

Holevik

fekk skulehus i 1917.

Saltkjel krins

(omfatta Trollebø, Saltkjel og Hagevik) fekk skulehus i 1917, men vart lagt ned og sentralisert til Skavøypoll i 1954.

Kråkenes

fekk skulehus i 1917.

Halsøyr

fekk skulehus i 1917, men krinsen vart slegen saman med Raudeberg i 1938.

Silda

fekk skulehus i 1920.

Refvik

fekk skulehus i 1922. Bygda hadde felles skule med Vedvik frå 1902.

Vedvik

fekk eige skulehus i 1922. Nytt skulehus vart bygt i 1956. Etter nedlegging av krinsen på 1960-talet vart bygget nytta eit par år som konfeksjonsfabrikk av eit Bergens-basert tekstilselskap. Seinare vart Vedvik teken opp att som skulekrins, men vart lagt ned i 2002 og borna overførte til Raudeberg.

Tytingvåg

fekk skulehus i 1927, og skulen der var i drift til midt på 1980-talet. Byggeår for andre skulehus i bygder som tidlegare høyrde til Davik kommune, vantar (Det gjeld Nave, Maurstad, Rimstad, Totland, Almenningen og Gangsøy).

Dagens kommunale skular:

Vågsøy Ungdomsskole, Måløy 8.-10. klasse – 227 elevar
Bryggja skule 1.-7. klasse – 63 elevar
Holvik skule 1.-7. klasse – 38 elevar
Kvalheim skule 1.-7. klasse – 17 elevar
Raudeberg skule 1.-7. klasse – 111 elevar
Skavøypoll skule 1.-7. klasse – 144 elevar
Skram skole 1.-7. klasse – 204 elevar
Våge-Oppedal skule 1.-7. klasse – 23 elevar

Skulenedleggingar

I 2002 vart Husevåg skule lagd ned og elevane overførde til barneskulen i Måløy (Skram skule). Vedvik skule vart lagd ned samstundes, og elevane overførde til barneskulen på Raudeberg.

Montessoriskule på Nordstranda

Også Nordstranda skule i Almenningen vart lagt ned som kommunal skule, men her skipa foreldra privatskule driven etter "Montessori"-prinsippet. Skulen tek også inn elevar for andre krinsar i kommunen, og har 19 elevar.

Vaksenopplæring og kulturskule

Kommunen driv elles Vaksenopplæringssenter og Musikk- og kulturskule i Måløy.

Måløy Yrkesskule

- sjå Måløy Vidaregåande Skule.

Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Yrkesskule starta 1953. Yrkesskulen gjekk seinare inn i Måløy Vidaregåande Skule.

Nordfjordhallen

I 2001 vart Nordfjordhallen opna like ved Måløy Vidaregåande Skule på Tennebø. Dette er den største storhallen for idrett i Nordfjord.

Studiesenteret i Måløy

Grunnlagt 1986 av Turid Breidalen, og i Folkeuniversitetets regi.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no