SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Samferdsle i Vågsøy

Måløybrua var det andre bompengefinansierte prosjektet i Sogn og Fjordane. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Måløybrua var det andre bompengefinansierte prosjektet i Sogn og Fjordane. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Publisert 27.12.2001 13:21. Oppdatert 02.03.2007 12:59.

Gamle skysskifte

Frå gamalt av var det skysstasjonar (skysskifte) på dei gamle handelsseta i Osmundsvåg, på Moldøen og Bryggja (sjå desse under "Historia i Vågsøy").

Vegar i Vågsøy

Den første køyrevegen i Vågsøy var vegen over Maurstadeidet mellom Bryggja og Åheim, opna i 1866.

Gamal jektehamn

Bak Flotøyna ved Bryggja er det ei lun hamn som vart brukt som jektehamn i gamle dagar. Her samlast Nordfjord-jektene for å vente på god seglbør til Bergen.

Losane på Silda og Kråkenes

Stadhavet og havet kring Vågsøy er eitt av dei mest verharde havstykka langs Norskekysten, med mange livsfårlege båar og fall. Då var lokalkjende losar gode å ty til.

Posten i Vågsøy

Første postopnaren var handelsmann Ole Schmidt på Moldøen ca. 1850.

Dampskipsekspedisjonar i Vågsøy

I Måløy var det i lang tid fleire dampskipsekspedisjonar.

Telegraf og telefon i Vågsøy

Måløy fekk telegrafstasjon i 1864, telefon kom det i 1899.

Redningsskøyta

hadde heilt frå Redningsselskapet vart skipa i 1891 stasjonar i Vågsvåg og Silda.

Måløy havnevesen – Nordfjord havn

Måløy fekk sitt første hamnestyre i 1904, då Selje kommunestyre valde det første styret for «Sæternes og Skramsviken».
Før 1951 gjekk hovudtrafikken gjennom vestre løp av Måløysundet. Foto: Askeland © Fylkesarkivet


Fyr i Vågsøy

Skongsnes fyr i Nord-Vågsøy var det første fyret i Vågsøy, bygd i 1870.

Jernbaneplanar

I jernbaneplanane tidleg på 1920-talet sysla ein med planar om å byggje sidespor til Måløy, Florø og Høyanger frå ”stamjernbana” som skulle gå nord-sør Vadheim-Sandane. I ein bymessig reguleringsplan utarbeidd for ”Moldøen bygningskommune” i 1917, planla ein å byggje ein elektrisk driven ”by-trikk” frå Sæternes til Gotteberg! På Sæternes var det teikna inn trikkestallar og jernbanestasjon, og trikken skulle vende på Gotterberg omlag der Vågsøy ungdomsskole seinare vart bygd.

Ruteselskap i Vågsøy

Maaløy Ruteselskap skipa 1923 dreiv med godsruter og fisketransport Ålesund-Måløy–Bergen.
"Blaahav" var ein av båtane til Maaløy Ruteselskap. Foto utlånt av Ørnulf Blaalid


Måløyferja

var det einaste sambandet til fastlandet som folket på Vågsøy hadde frå starten i 1953 heilt fram til Måløybrua vart teken i bruk like før jul i 1973.

Flyplassplanar

hadde ein i Måløy i dei ekspansive sildeåra på 1950-talet. Den lokale flyplasskomitèen peika på eit område på Breimyra ved Brurahornet som høveleg for ein småflyplass. På 1980-talet lanserte dåverande ordførar Rolf Domstein ideen om ein liten charterflyplass i Kroken vest for Bryggja. Heller ikkje her var flyforholda brukande.

Flyruter

Tidleg på 1960-talet starta Bergens Tidende distribusjon av aviser til Sogn og Fjordane med sjøfly.

Ekspressbuss

Nordfjord og Sunnmøre Billag – seinare innlemma i Fjord 1 – starta daglege ekspressbussruter frå Måløy til Oslo i 1988.

Ekspressruter

Fylkesbaatane starta ekspressbåtruter mellom Nordfjord og Bergen i 1971 m.a. med daglege anløp av Måløy.

Måløybrua

Måløybrua vart opna 1974 av Kong Olav V. Brua var til den tid Noregs lengste, med 34 spenn og total lengde på 1.274 meter.

MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no