SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Krigshistoria i Vågsøy

Fly frå dei allierte styrkane vart nytta under Måløyraidet 3. juledag 1941.
Fly frå dei allierte styrkane vart nytta under Måløyraidet 3. juledag 1941.

Publisert 20.08.2001 12:28. Oppdatert 28.12.2006 09:27.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Det gamle vetesystemet i Nordfjord

Den eldste og raskaste måten å varsle ufred på i gamle dagar, var å tenne vetar.

Soga om Iva Ottesen Frislid og namnet Ivahavet

I 1750 vart det fødd ein mann frå Heggjabygda i Eid kommune som skulle få ei fargerikt liv som soldat i Kongens klær – og som vart opphavet til stadnamnet Ivahavet – ei grunn vik i Deknepollen.

Affæren ved Silden 1810

Under Napoleons-krigane 1810 gjekk dei engelske fregattane ”Nemesis” og ”Belvedere” til åtak på 2 kanonskonnertar som låg stasjonerte på Silda. Engelskmennene tok det norske mannskapet til fange, og forfylgde eindel norske soldatar til fjells ved Osmundsvåg (sjå elles "Krigshistoria i Selje").

Opprullinga av Stein-organisasjonen

i Bergen 1942 var den første store arrestasjonsbylgja som råka Sogn og Fjordane. Kontakt-nettet i organisasjonen baserte seg mykje på folk i postverket, som m.a. kunne drive etterretning og kurèrverksemd som postfolk ombord i Hurtigruta. Mannen som grunnla organisasjonen, Kristian Stein, var sjølv tilsett ved Bergen postkontor og arbeidde som postekspeditør på Hurtigruta. Alt sommaren 1940 tok han til å drive etterretning. Han organiserte transport av flyktningar over til England og distribuerte illegale aviser.
Stein-organisasjonen vart avslørt i november 1941, og 200 personar arresterte. Kristian Stein sjølv vart avretta. Både i Florø og Måløy vart postfolk arresterte, i Måløy postmeister Halvor Sitje Fjalstad, Harald Sunde og Halvdan Wik. Alle vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland.

Måløyraidet

Måløy-raidet 3. juledag 1941 var eit av fleire allierte raid mot Norskekysten som m.a. skulle ha som føremål å villeie tyskarane. Liknande raid vart gjort mot Lofoten og Stord.

Store festningsanlegg i Vågsøy

Etter Måløy-raidet bygde tyskarane nokre av sine sterkaste festningsanlegg på Norskekysten langs skipsleia ved Måløy: Fjellfestningar med tunge kanoner var bygde på Halsør, Osmundsvåg, Måløysundet, Blålid og Angelshaug. (Sjå Fortet på Halsør , Fortet i Osmundsvåg , Store kystfort i Vemmelsvik og Blålid og Torpedobatteriet på Angelshaug .)

16 av desse fjellbunkerane er framleis intakte, og ved Måløy kyrkje fører ein nyrestaurert trappestige med 250 trinn opp til kanonstillingar og vaktpunkt over Måløysundet. Kommandoen for kystavsnittet vart flytta frå Nordfjordeid til Måløy etter Måløy-raidet.

Kommandosentral på Angelshaug

Kommandoen for kystavsnittet låg det første krigsåret på Nordfjordeid, og stridshandlingane frå tysk side vart leia derfrå under Måløy-raidet.

Radarstasjon på Kråkenes

Like aust for fyret på Kråkenes bygde den tyske marinen ein radar i mars 1942.

Bombetragedien med «Store Bill» i 1942

Fem nordfjordingar – fire frå Vågsøy og ein frå Innvik – vart drepne då frakteskuta «Store Bill» frå Måløy vart bomba.

Infanteristyrkar leia frå Måløy og Bryggja

Hausten 1943 vart Sogn og Fjordane delt i to forsvarsavsnitt, det eine for Sognefjorden og det andre for Nordfjord.

Shetlands-farten

førde til at fiskeflåten i Sogn og Fjordane vart sterkt redusert under 2. verdskrig. Av dei 300 norske båtane som drog til Shetland, kom 50 frå Sogn og Fjordane, og av dei 41 fiskebåtar. Med desse reiste omlag 500 personar. I Vågsøy var største våpenlageret plassert på øya Silda.

Telavågaksjonen våren 1942

førde til opprulling av våpenruter og motstands-grupper også i Vågsøy kommune. Våpen-ruta frå Vetvik på Bremanger-landet førde til at Sverre Skibenes ( sjå denne) og Ragnar K. Solheim i Måløy vart arresterte og sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland. På Silda vart fem mann arresterte og sende i fangenskap: Marius Silden, Rasmus N. Silden, Mons N. Silden, Andor N. Silden og Per Sætren.
Verst råka aksjonen Bulandet og Værlandet i Askvoll og Grytøyra i Fjaler kommune, der 21 mann hamna konsentrasjonsleirar i Tyskland, og tre av dei omkom der. Razziaen førde óg til arrestasjonar av Johan Hunvik, John Lillestøl og Johan Holst i Eid – Les meir om Telavåg-aksjonen under "Krigshistoria i Askvoll", Krigshistoria i Fjaler og "Krigshistoria i Eid".

Sabotørane på Gangsøy

1944 vart tre Linge-karar sette i land på Gangsøy i Fåfjorden. Oppdraget var å sprengje fiendtlege skip på hamna i Måløy.

Hendanes fyr

ved Torskangerpollen var det fyret som var hardast råka då dei allierte på slutten av krigen freista å setje kystfyra ut av spel. Ved eit åtak på Hendanes fyr vart ungguten Audun Færestrand stygt såra i ein fot.

Flyangrepet i 1945

I april 1945 sette dei allierte inn eit stort flyangrep på tyske skip på hamna i Måløy. Fleire skip vart skotne i senk og rende på grunn med skadar. Ein reknar med at over 52 tyskarar miste livet ved åtaket, som er minna ved ein eigen stein på Moldøen. (Høyr lydkutt øvst på sida.)

NS-ordførar omkom i ”Thekla”-eksplosjonen

Etter krigen vart arresterte medlemmer av Nasjonal Samling sette til å rydde opp og fjerne ammunisjonslager etter tyskarane. I alt 20 norske NS-fangar og vaktmannskap omkom då ammunisjonslekteren ”Thekla” gjekk i lufta ved Oddane i Florø den 1. september 1945. Mellom desse var NS-ordførar i Sør-Vågsøy, Ingolf Hagevik, og kjøpmann Bjørn Lem frå Måløy.

Falne og omkomne frå Vågsøy


Omkomne frå Vågsøy i krigsforlis

- eit oversyn.

Folk frå Vågsøy i tysk fangenskap



MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no