Utover 1990-talet kom det stendig sterkare signal frå Hydro-leiinga om at det gjekk mot ei nedtrapping av aluminiumsprodudksjonen ved verka i Sogn.
Verket i Høyanger var særleg utsett fordi ein der hadde mange eldre omnar, men også Årdal fekk merke nedskjeringane. Ei stund ottast Årdal at nærmare 300 personar over natta kunne miste arbeidet når gamle omnar skulle stengjast i 2007, men i 2004 fekk bygda melding om at reduksjonen berre vert på mellom 160-180. Men fram til 2008 skal talet på tilsette i tillegg skjerast ned med kring 200.
Både Årdal kommune, fylkeskommunen og Hydro har engasjert seg sterkt for å skape nye arbeidsplassar i byte for dei som går tapt i omnshallane. Hydro har sett av 800 millionar kroner til omstilling ved metallverka sine på Vestlandet, og hundretals millionar av desse midlane går til Årdal.
Men ikkje alt har gått rette vegen: I 2005 var Hydro aktivt med for å få skipe 250 nye arbeidsplassar i ein solcellefabrikk som selskapet
ScanWafer på Årdalstangen, men ScanWafer trekte seg.
I 2006 investerte Hydro Aluminium 200 millionar kroner i Teknologisenter Årdal - ATA, som er konsernet sitt forskingsenter for utvikling og prøving av ny teknologi for aluminiumproduksjon. Senteret sysselset 70 personar i 2006. Fleire Hydro-eigde verk i utlandet byggjer på teknologi som er utvikla av forskarane i Øvre Årdal.