Vegen over Maurstadeidet mellom Bryggja og Åheim vart opna 1866.
Veg Raudeberg-Refvik
kom i 1877.
Før denne vegen vart opna i 1880, vert det fortalt om strabasiøse reiser for folket på Kvalheim når dei skulle gravleggje folket sitt på gravstaden i Røysa på Raudeberg.
I 1892 vart det bygd ein såkalla "fiskeriveg" mellom Vågsvåg og Torskangerpoll.
Hovudvegen frå Sæternes til Gottebergshammaren vart opna i 1902. Denne vegstubben er i dag kjend som Gate 1.
Rundkøyringa i Nord-Vågsøy
Raudeberg-Halsør-Vedvik-Refvik-Raudeberg vart opna i 1902. Då hadde Refvik hatt vegsamband til Raudeberg sidan 1877.
Vegen Måløy-Raudeberg
vart opna i 1923. Denne vegen var smal og fleire stader utsett for ras. I 2007 vart vegen opprusta for over 100 millionar kroner til tofelts veg, m.a. med ein 660 meter lang tunnel i Svora.
Vegen Måløy–Vågsvåg
vart opna i 1938.
Kvalheim-Kråkenes
vart gjennombroten av tyskarane i 1942-1943, men overlevert som ferdig veganlegg først i 1950. På 1990-talet er det bygd ny veg til Kråkenes.
Riksvegsambandet frå Nordfjordeid vestover var ferdig til Haus 1928. Derfrå gjekk det ei båtrute/ferje til Maurstad. Seinare er vegen bygd ut til tofelts ferjefri veg.
Veg Almenning-Selje
vart opna i 1967 – Les meir om vegsambandet mot Selje under
Vegar i Selje .
Måløybrua opna 1973
– sjå
Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid.