Utdanna som vegingeniør gjennom ulike skular og kurs fram til 1977. Arbeidde ved jordskifteverket i Sogn og Fjordane fram til 1969, då han vart tilsett ved Sogn og Fjordane vegkontor.
Frå 1991 har han vore museumsansvarleg for etaten si verksemd i Sogn og Fjordane.
Forfattarskap
Han har vore medforfattar av fleire bøker og skrifter om veghistoriske emne som t.d. Filefjellsvegen, Strynefjellsvegen og Gaularfjellsvegen, og medarbeidar i Sogn og Fjordane- registreringa til "Nasjonal verneplan for vegar" i 2002.
Idrett
Lomheim tok gull og bronse i hopp og sølv i kombinert under veteran-VM i 2004, og har frå før både ein sølv og tre bronse frå same meisterskap. Han vart verdsmeister i hopp under veteran-VM i 2006.
Verv
Lomheim leia arbeidet med bygging av Heggemyrane skisenter på 1980-talet og var styreformann der i ti år. Han var nestleiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins 1983-1988 og styreleiar i Sogn og Fjordane Sau- og geiteavlslag 1989-1993.
Bror til
Sylfest Lomheim.