I gamle dagar kunne det rett som det var hende at også øvrigheita tedde seg "utagerande" når dei fekk for mykje god øl i kroppen.
Gavmild mann vart brokalaus
Per Andersson Marheim som levde på Indre Hafslo kring 1800, måtte ha vore ein uvanleg gåvmild mann: Ein gong han møtte ein fatig stakkar, fekk Per slik medynk med mannen at han drog av seg broka si og gav den til tiggaren! Sjølv kom Per heim att i garden brokalaus!
Brokabyte med angrefrist
Ei anna "broka-soge" skriv seg frå Flahamar: I 1753 var Hermund Fortun eit ærend til Flahamar. Her møtte han Per Johannsson, som hadde ei nyare brok på seg enn den Hermund sjølv bar. Karane vart samde om brokabyte mot at Hermund ytte 1 riksdalar i mellomlegg. Men då handelen var gjort, må Per ha angra seg, for med hjelp frå ein annan kar drog dei like godt broka av Hermund Fortun med makt og gav han den gamle att i staden. Kvar det vart av riksdalaren i mellomlegg som Hermund kom med ved det første brokebytet, fortel soga lite om!
Botsgang og åleskinn
I 1732 måtte Pål Bergeim frå Nes stå til rette for presten fordi han hadde "besovet" (hatt samleie) ei jente. For dette måtte han stå skrifte offentleg i kyrkja. For å mildne straffa og sleppe skamma i kyrkja, ville han blidgjere presten Juul, som visstnok hadde ål som livrett.
Men ikkje ein ål var å oppdrive i heile Luster då Pål trengde den som mest. I nauda fann han då nokre gamle åleskinn som han fyllte med sand. Denne "gåva" sende han til presten. Men då Pål skulle skrifte, hadde presten oppdaga pretta:
- "Du syndige Paal med den sandige Aal, du Pigernes Plager og Prestens Bedrager! messa presten ut over kyrkjelyden!
Til minne om evig kjærleik
I 1764 vart Karen Ludvigsdotter Nitter frå Solvorn mot sin vilje gift med sitt velståande syskenbarn Christen Larsson Nitter. Jenta hadde funne seg ein kjærast på Ytre Eikum; odelsguten Anders.
Men mor hennar, den myndige Øllegaard Klingenberg, ville det annleis: I Karen sitt tilfelle skulle ektemaken hentast frå stilling og stand, og ikkje frå Eikum! - Og slik vart det. Mora fekk viljen sin.
Men all sin dag mintest odelsguten på Ytre Eikum sin ungdoms kjærleik på ein spesiell måte: Kvart år så lenge han levde, sende han eit bastatog som helsing ut til si kjære Karen i Solvorn!
Hamna i feil seng
Det er ikkje alltid lett å finne inn att når ein må ut for veggen og slå lens i svarte natta! Det fekk ein kar frå Veitastrond røyne ein gong midt på 1800-talet då han og kona var bedne i julegilde på Øvrebø i Solvorn:
Etter mykje turing la det gjestande paret seg til å sove i høgsetebenken. Ut på natta måtte Veitastrond-mannen utfor veggen og slå lens. Men i gamletunet på Øvrebø sto husa den gongen tett. Dessutan såg dei prikkande like ut - i alle høve for veitastrendingen då han skulle innatt til kona. Det gjekk ikkje betre enn at han hamna i høgsetebenken i nabostova. Her sov han rusen ut til dagen etter - jamsides med ei framand kvinne!
Vekkjarklokka på Saude
Øvst i Fortun ligg garden Saude. Her budde det ein tusenkunstnar på 1800-talet som heitte Tomas Optun (f. 1830). Han kika på stjernene med langkikkert, og funderte også på korleis ein kunne laga evighetsmaskinar.
Sjølv fann han opp ei spesiell vekkjarklokke som vekte stor åtgaum: Frå stoveklokka ordna han med snorer og ein sekk fyllt med stein. Så ordna han eit sinnrikt system som stod i kontakt med ei kubjølle ute i fjøset. Når timen var der, fekk det underlege "urverket" kubjølla i fjøset til å ringje slik at budeia vakna. Dermed kunne ho ta mjølking og morgonstell - presis på timen.
Hola i Jutlaberget
Ovanfor gardane på Jordanger i Indre Hafslo ligg Jutlaberget. Her finst ei hole i berget der ein kan sleppe stein nedi utan å høyre at den når botnen. Ein gong vart ein hund sleppt ned i holet. Etter nokre dagar skal han ha kome utatt ved Røneid i Gaupne, men då seier segna at det ikkje fanst eitt hår att på kroppen på hunden.
På Hafslo og i Luster vart det nærmast gjort opprør mot den nye legdordninga. På eit møte i Hafslo i 1764 villle bøndene ha tilbake det gamle systemet med at fattige gjekk på tiggarferd i gardane.