A/S Gaupne Handelsforening vart skipa i 1919, og flytta alt i 1920 inn i eige nybygg. Laget fekk kring 60 medlemer frå starten.
Dei første åra hadde laget ei eiga "svarteliste" for kva varer ein ikkje skulle selje: Tobakk var forbode, og "snop" til ungane skulle ein selje minst mogeleg av!
Eigen smørseljar
Her som elles i samyrkelaga, vart smørhandel ein viktig del av verksemda så lenge folk kinna smør i staden for å levere mjølka direkte til meieri. Brithe Bollingberg vart i 1922 tilsett som "smørsælgerske" på ein slags provisjonsbasis: Ho skulle få 3 øre pr. kilo innvege smør!
Inn i KØFF
I 1946 avviste laget ein freistnad på samanslåing med Gaupne Samvirkelag. Også ein freistnad på samanslåing i 1949 fall i fisk. I staden teikna handelsforeninga aksjar i kjøpsmannsorganisasjonen KØFF i 1955.
Samanslåing
Først i 1960 slo dei to "samyrkelaga" i Gaupne seg saman ved at
Gaupne Samvirkelag vart oppløyst og eiga overteken av Handelsforeningen. Namnet vart no Gaupne Handelslag. I 1961 vart aksjelaget oppløyst og butikken meldt inn i Norges Kooperative Landsforening.
I 1964 gjekk
Høium Kooperative Innkjøpslag inn i Gaupne Handelslag, og i 1965 vart laget ein del av det nyskipa
Sogn Samvirkelag.