På denne sida er det først og fremst overnattingsstader og kaféar som er omtala. For fleire reiselivsverksemder, sjå:
·
Handels- og gjestgjevarstader i Luster
·
Jostedalsbreen som turist- og klatremål
·
Idrettsanlegga på Heggmyrane
·
Industri og næring i Luster
Walaker Hotell i Solvorn har røter tilbake til den gamle gjestgjevargarden og skysstasjonen frå 1600-talet.
Tørvis Fjord Hotel i Marifjøra frå 1875 har opphavet sitt i det gamle gjestgiveriet frå 1600-talet.
Kroken Turiststasjon/Kronen Kvarter
Thøger Kronen bygde på 1880-talet Kronen Turiststasjon i Krundalen - ein bygning på to fulle etasjar. Det vart også kalla "Kronen Kvarter".
Christian Brunckost
frå Bergen starta midt på 1800-talet landhandel og gjestgiveri i Marifjøra. Han vart også den første postopnaren frå 1864 til 1871, då sonen Nils Torp tok over. Sjå elles:
Handel og gjestgiveri i Marifjøra.
Forthun Turiststasjon vart bygt i 1882 av ekteparet Susanna og Ole Nilsson Øiene.
|
Nye Turtagrø hotell. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Heilt sidan Thomas Heftye sette seg i spissen og fekk skipa Den Norske Turistforening i 1868, har Turtagrø vore ein av dei viktigaste innfallportane til fjellvandring og tindesport i Jotunheimen. I 1888 vart det bygt to hotell på Turtagrø.
Turtagrø Hotell
frå 1888 - sjå:
Fjellklatrarhotella på Turtagrø.
Luster Fjordhytter
- sjå:
Næss sine verksemder i Høyheimsvik.
på Ytre Hafslo vart starta i 1912 av Brita og Per Eikum.
Skjolden Hotell
vart opna i 1912 - sjå:
Handel og gjestgiveri i Skjolden.
Jostedalsbreens Turisthotell på Elvekrok i Jostedalen vart bygt i 1921.
Starta i 1929 då Olav Ugulen tok over bygningane på den gamle skysstasjonen på Hillestad nordaust for Hafslovatnet.
Langahuset
Jens Johannesson Sviggum og ektemaken Berta kjøpte i 1929 ein eigedom i Marifjøra og starta noko seinare kaffistove og overnatting. Huset vart kalla "Langahuset", og hadde tidlegare høyrt til hotelleigedomen Tørvis. Ei tid var det også brødutsal i huset. Brita Sviggum dreiv "Langahuset" til 1955. Huset vart rive i 1978 då riksvegen vart utvida.
|
Fortuna Kafé og pensjonat. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Fortuna Kafé og pensjonat
i Fortun vart starta av Elen Mørkrid i 1947.
Vart starta i Høyheimsvik kring 1938 av Edin H. Næss. I 1956 fekk den lokale kaféverten storfint besøk av dronning Juliana av Nederland og dronningmora Wilhelmina.
Starta på Gjerde i Jostedalen i 1951.
Pensjonatet har endra namn til Jostedalen Hotell, og driv også campingplass like ved.
Solstrand Pensjonat på Kjempeneset i Luster vart starta i 1951 av Marius Martinussen.
Starta i 1987. Laget har m.a. eige instruksjonslokale.
|
Fjordstova. (Foto: Ottar Starheim, NRK) |
Fjordstova AS
i Skjolden vart bygt i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.
Bestebakken
Gjestegard starta i Ytre Hafslo i 2001 av Lindis og Oddgeir Alme. Bestebakken satsar på servering av gourmetmat basert på lokale råvarer, har ulike opplevingstilbod, og overnattingskapasitet for 30 gjester.
|
Bestebakken på Hafslo. (Foto: Arne Eithun, NRK) |
Lustrafjorden Kro
- sjå:
Næss sine verksemder i Høyheimsvik.
Solvornbui AS
- daglegvarebutikk og kafé vart starta av bygdefolket i Solvorn i 2000. Men Solvornbui makta ikkje å drive lønsamt, og vart lagt ned i 2003.
Jostedalen Hotell
- sjå
Solvang Kafé og Pensjonat.
Solstrand Fjordhytter AS
- sjå
Solstrand Pensjonat.
Nes Gard
vart starta som overnattings- og serveringsstad etter at ekteparet Mari og Asbjørn Månum tok over garden i 2003. Dei har restaurert og tilbakeført interiøret til 1800-talsstil i det gamle hovudhuset på garden.
vart skipa i 2005, og er eit selskap som planlegg å byggje ut eit stort hytteanlegg på 50 einingar og 200 senger i Skjolden.